–Dårleg kapasitet
Reiten seier at leidningsnettet i enkelte delar av kommunen har litt dårleg kapasitet, slik at når forholda er slik som no blir det problem enkelte stader.
Det fører til at ein ikkje klarer å halde nok vatn i enkelte av bassenga. Problemet er størst i indre del av Molde.
–Blir det brann, for eksempel, så har vi eit problem, seier Reiten.
Folk i Molde vil kunne merke at vasstrykket er dårleg, eller at vatnet i verste fall forsvinn.
–Vis omsyn!
–Vi opererer heilt i maks-uttaket på vassbehandlings-anlegget. vi tek ut så mykje som vi greier å få ut, seier Reiten.
Dersom tørken held fram og folk vatnar vidare også om natta, så vil problemet auke.
Reiten ber publikum ta omsyn og tenkje på at dei ikkje er åleine når dei set på vatnet.