Hopp til innhold

Problem for nyttårs-hurtigruta

Hurtigruteskipet "Richar With" måtte snu på veg sørover frå Rørvik til Ålesund i føremiddag. Mykje vind, grov sjø og bølger på mellom 12 og 15 meter er årsaka.

Hurtigruteskipet Richard With

'Richard With' har vore ute i dårleg vêr mange ein gongs langs kysten. No møter skipet ruskevêr over Folda på Trøndelags-kysten.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX / Scanpix

Nyttårsturen for hurtigruteskipet C sørover langs kysten, har blitt kraftig forseinka. Skipet er på veg sørover på ein spesiell opplagt nyttårstur, og skulle etter planen gå direkte frå Rørvik til Ålesund. Opphaveleg skulle det innom Trondheim på vegen sørover, men dårleg vêr gjorde at stoppet i trønderhovudstaden blei droppa i går kveld.

Ålesund kan bli droppa

– Veret utanfor kysten av Trøndelag er rett og slett så utfordrande, at kapteinen valde å snu skipet. Akkurat no er det uklart om det går vidare til Ålesund i dag eller ikkje, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege.

Det var Adressa.no som først melde om vêrproblema for "Richard With".

Hurtigruta er no på veg nordover for å søke lyd ved Rørvik.

Rune Thomas Ege

Rune Thomas Ege seier passasjerar som blir råka av problema for hurtigruta, blir kontakta.

Foto: Hurtigruten

Til NRK seier Ege at Hurtigruten gjennom sine125 år i trafikk langs kysten, har lært to ting; for det første at vêret kan ingen gjere noko med, og for det andre at vêrgudane skal ein ikkje utfordre.

– Det var nettopp desse vurderingane som gjorde at kapteinen valde å snu, seier Ege.

I skrivande stund er det usikkert om "Richard With" får fullført nyttårsturen til Ålesund, og der det var meininga at skipet skulle ligge litt ekstra lenge ved kai i kveld.

– Det har ikkje vore nokon dramatikk i avgjerda om å avvente ved Rørvik. Men naturlegvis har det vore lite behageleg for passasjerane med så grov sjø, seier Ege.

Hurtigruten vurderer no vidare utover ettermiddagen om den igjen skal forsøke å kome seg til Ålesund i kveld, eller om nyttårsturen vidare frå Rørvik blir utsett til i morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL