Hopp til innhold

Pris til D'Sound-Sjo

Moldensaren Jonny Sjo får kulturpris frå fondet for utøvande kunstnarar.

D'Sound Jonny Sjo

JONNY SJO: Bassist, låtskrivar, studiomusikar og no også kulturprisvinnar.

Foto: Gansmo, Arne Kristian / Arne Kristian Gansmo, NRK

Bassisten får prisen for mangeårig innsats som medlem av og låtskrivar for gruppa D'Sound.

Gruppa fekk Spelemannsprisen i 1998 for albumet Beauty Is A Blessing. Les meir om D'Sound på Wikipedia.

Gjevast til Lillebjørn Nilsen

Sjo er i tillegg ein av landets mest nytta studiomusikarar.

Han har spelt med mellom andre Oslo Gospelkor, Madcon, Bjørn Eidsvåg, Carola, Magne Furuholmen, Morten Harket, Susanne Sundfør, Audun Kleive og Bendik Hofseth.

Den største prisen for kvelden er det likevel Lillebjørn Nilsen som stikk av med.

LES MEIR: Veteranpris til levende legende

Prisdeling

Jonny Sjo deler prisen med slagverkar Erland Dahlen frå Oslo.

Dei to får pris i kategorien for studiomusikarar; ei gruppe som er ukjende for det store publikumet, men likevel mellom dei mest spelte.