Hopp til innhold

Positiv samanslåing

Trass i stor skepsis i forkant går overgangen med å flytte tilsette i Statens vegvesen over til ei ny vegavdeling i fylkeskommunen bra. Det fortel Fylkesvegsjef, Ole Jan Tønnesen. Som ein del av regionreforma har fylkeskommunen overtatt ansvaret for fylkesvegane frå Statens vegvesen frå 1. januar i år og må byggje opp ein heilt ny administrasjon. Tønnesen, seier søkinga til stillingane er svært god, og det viser at fylkeskommunen er ein attraktiv arbeidsplass. – Utfordringa er meir omstillingskostnadar og pengar til å gjere jobben, seier fylkesvegsjefen.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL