Hopp til innhold

Milliondryss til Nordøyvegen

Nordøyvegen får 50 millionar kroner ekstra frå næringslivet i Haram

Kart, Haramsøya

Nordøyvegen kan gje fast samband til øyane i Haram.

Foto: NRK

Pengane er kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift.

Byggestart 2012

Styreleiar Oddbjørn Vatne trur det blir byggestart i slutten av 2012. Han seier pengestraumen til prosjektet er viktig.

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne, ordførar i Haram.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Ja, dette er viktig. Det er ein føresetnad. Frå to kommunar har det kome in 365 millionar kroner. Dersom ikkje fylkespolitikarane losar dette gjennom no, så er det ein skandale, seier Vatne.

Elevmarkering for Nordøyvegen

Samferdselsjubel i Møre og Romsdal

Lettare å byggje ferjefritt

Statsbudsjettet

Oddbjørn Vatne regner med at det blir satt av penger på Statsbudsjettet.

- Fylket har søkt om rentekompensasjonsmidlar frå 2012. Eg reknar med at retningslinene for desse pengane ligg inne alt no. Dermed kan dette vere på plass når vi skal behandle handlingsplanen i desember, seier Vatne.