Hopp til innhold

Politiet vil vere på eid-feiring

Møre og Romsdal politidistrikt har sett i verk tiltak etter hendingane i Bærum i går, og vil vere til stades på eid-arrangement i Molde og Ålesund. – Vi har bestemt oss for å vere der så dei som deltek skal kjenne seg trygge, seier operasjonsleiar i politiet i Møre og Romsdal, Roar Fylling. Dei ser også på om det kan vere fleire arrangement dei bør vere på. Politidirektoratet skriv i ei pressemelding natt til sundag at det ikkje er konkrete trugslar mot eid-feiringa, men at dei ber politi over heile landet om å sette inn tiltak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL