Hopp til innhold

Skal øve på skyting i mørket

Folk på Frei treng truleg ikkje uroe seg om dei vaknar av uvanlege lydar i natt. Politiet er pålagt å øve på aksjonar nattestid. Og frå midnatt er det klart for skytetrening.

Politiøving

Politiet på Nordmøre skal ha øving i natt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiet i Kristiansund har nattøving

Politiet er pålagt å øve på aksjonar nattestid. Her frå tidlegare øving.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Politibetjent Morten Hammerås

Politiførstebetjent Morten Hammerås seier dei ikkje ønskjer å forstyrre naboane under øvinga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Skytebanen på Frei

Fredø Skytebane på Frei ligg i nærleiken av fleire bustadfelt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Når alarmen går må politiet rykke ut, dag som natt. Difor er dei også pålagt å øve under vanskelege forhold, for eksempel i mørket. I kveld skal om lag 15 politifolk på Nordmøre gjere nettopp det, seier politiførstebetjent Morten Hammerås, som har ansvaret for øvinga.

– Vi skal ha ei trening som startar i kveld og som kjem til å gå ut over natta.

Startar på Averøy

Aksjonen startar i Bruhagen sentrum på Averøya i kveld. Der skal politiet trene både ute og inne i eit bygg. Men frå midnatt er det klart for skyteøving på Fredøy skytebane på Frei - ikkje langt frå fleire bustadfelt. Hammerås seier dei har snakka med folk som bur på Storbakken og at dei håper naboane ikkje skal merke noko til øvinga.

– Dei vi har snakka med meiner folk vil høyre det når dei er ute, men at dei ikkje vil bli plaga av dette innandørs. Men det er vel kanskje litt avhengig av vindretning, vil eg tru.

– Må øve ein stad

Hammerås seier dei gjerne skulle vore sikre på at ingen fekk nattesøvnen øydelagt, men at dei må øve.

– Det er jo ei vurdering som må gjerast om kvar og korleis ein skal trene og korleis det påverkar folk.

Fram til no har politiet prøvd å varsle dei det gjeld, først og fremst gjennom politiet sin twitterkonto, der denne meldinga blei lagt ut måndag kveld:

Laster Twitter-innhold

– Men trur du at alle bebuarane som følgjer operasjonssentralen på twitter?

– Nei, det er dei nok ikkje, så det er jo fint at vi får informert gjennom media, seier Hammerås.

– Ønskjer ikkje å forstyrre naboane

Han seier dei er klare for å rette seg etter eventuelle klager frå trøytte naboar.

– Det er klart, får vi mange klagar, så stoppar vi aksjonen, vi har ikkje noko ønskje om å ta nattesøvnen frå folk. Men vi håper vi skal unngå det.

Han seier det er både viktig og relevant for dei å trene på denne måten.

– Vi er no ein gong pålagt å trene på dette, både taktikk og skyting, og ein stad må vi jo gjere dette, seier Hammerås.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL