Hopp til innhold

Politiet knyter valdshendingar til fotballsupporterar: – Ikkje akseptabelt

Politiet etterforskar fleire valdshendingar i samband med kampen mellom Molde og Rosenborg førre helg. To av dei fornærma er mindreårige.

VALD: Videoen viser ein person som spring mot ein annan i full fart før han sparkar vedkomande i ryggen.

Det oppstod fleire valdshendingar i forkant av det såkalla «hatoppgjeret» mellom fotballklubbane Molde og Rosenborg førre helg.

Tidlegare denne veka melde politiet i Møre og Romsdal at dei hadde starta etterforsking av minst ei valdshending.

Politiet har no gått gjennom store mengder videobevis av valdshendingane som fann stad i Molde laurdag 11. mai.

– Vi har så langt fire valdshendingar som vi etterforskar. Det er snakk om spark bakfrå, kvelartak, knyttneveslag i ansiktet, nedskalling og spark mot ein som ligg nede, seier Mona Kvernberg, seksjonsleiar ved Molde politistasjon til NRK.

Politiet undersøker også om det kan ha skjedd fleire valdshendingar og opplyser at dei er i ei innleiande fase av etterforskinga. Dei utelukkar ikkje at det kan bli fleire saker.

– Vi har fått melding om at det vil bli anmeldt ei sak til i dag, seier Kvernberg.

Les også Person blei sparka ned for fotballkamp: – Slik vil vi ikkje ha det

Bildet viser ein voldshendelse i Molde før Molde - Rosenborg kamp. Personane som er involverte er sladda.

Fleire mindreårige fornærma

I tillegg til videomateriale har det også kome inn tips og vitneobservasjonar til politiet.

To av dei fornærma skal vere mindreårige. Det skal også vere mindreårige i direkte nærleik til ein eller fleire av valdshendingane.

– Vi ser ekstra alvorleg på at det ikkje skal vere trygt for barn å ferdast i Molde midt på dagen, seier Kvernberg.

Mona Kvernberg, seksjonsleiar for etterretning, førebygging og etterforsking ved Molde politistasjon

Seksjonsleiar for etterretning, førebygging og etterforsking ved Molde politistasjon, Mona Kvernberg.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Politiet har fem mistenkte knytt til valdshendingane som dei etterforskar. Informasjonen deira tyder på at gjerningspersonane i sakene er RBK-supporterar. Per no er ingen sikta, men to av dei mistenkte er identifiserte.

– I lys av hendingane i Molde i helga, vil vi gi eit tydeleg signal om at dette ikkje er akseptabelt. No etterforskar vi valdshendingane for å sørge for at handlingane får konsekvensar. Dei må stillast til ansvar, seier Kvernberg.

Ho seier vidare dei er bekymra for utviklinga dei ser knytt til enkelte kampar. No forventar politiet at fotballmiljøa tek tak i det dei ser på som ei negativ utvikling i enkelte supportermiljø.

– Det kan ikkje vere slik at når det vert arrangert fotballkampar, så skal publikum kjenne på frykt for å bli utsett for vald og sjikane, seier Kvernberg.

Politiet håper at etterforskinga kan gi svar på kva og om det var ei foranledning til valdshendingane. Dei samarbeider også med Trøndelag politidistrikt.

Les også Rasa mot publikum etter «homofobiske gloser»: – Bør ikkje aksepterast

Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - Bodø/Glimt

Skal finne løysingar

Ronny Stamsvik er leiar av Moldes supporterklubb Tornekrattet. Han seier at dei i forkant av kampane har vore i dialog med Rosenborg og supporterklubben Kjernen for å finne ut korleis dei kan unngå slike hendingar.

– Men no har det skjedd igjen, så då blir det meir møteaktivitet. Eg har også snakka med leiaren av Kjernen og dette er like uønskt frå begge sider, seier han til NRK.

Stamsvik vektlegg at supporterklubbane tek fullstendig avstand frå bruken av vald.

– Vi har nulltoleranse for det!

Han reknar med at det blir nye møter med Rosenborg og Kjernen for å finne løysingar på korleis dei skal unngå slike hendingar.

– Det er ikkje bra i det heile tatt. Det at mindreårige er blant dei fornærma gjer det endå verre.

Les også Kastet knallskudd etter fotograf før toppkamp

RBK supportere kaster bluss eller knallskudd mot NRK-fotograf

Gjennomførte risikovurdering

Politiet opplyser at dei gjennomførte ei risikovurdering i forkant av kampen. Denne skal ha vore basert på informasjon og erfaringar frå tidlegare år. Politiet sette så inn ressursar utifrå dette.

– I forkant av kampen blei det gjennomført møte med representantar frå politiet i Molde og Trondheim, MFK, RBK og deira supporter-liaisonar, melder politiet.

I møte skal dei også ha lagt fram sikkerheitstiltak for kampdagen.

Seksjonsleiar for etterretning, førebygging og etterforsking ved Molde politistasjon, Mona Kvernberg.

Kvernberg seier det blei gjort fleire risikovurderingar i forkant av kampen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Vi opplevde dialogen som god og at vi hadde eit gjensidig ønske om at arrangementet skulle gå roleg føre seg, seier Mona Kvernberg i politiet.

– Burde politiet ha gjort noko anna?

– Det er lett å seie i ettertid når ein ser kva som skjedde, men ut ifrå dei opplysningane, risikovurderingane og møta vi hadde i forkant, så trudde vi at vi hadde all informasjonen vi trengte.

Kvernberg seier at dei vil ta ekstra vurderingar rundt komande kampar i Molde.

– Samtidig har vi mange klubbar som er innom Molde, både utanlandske og norske, der vi knapt må ha politiressursar i det heile. Men så er det enkelte som utmerker seg i negativ retning.

Les også Nazi-banner under hatoppgjøret: – Noe man burde spart seg for

Banneret til Molde-supporterne: "Tyskernes bombing av Molde deles som bilde. Henry Rinnan: Øvre Øst's største inspirasjonskilde