Hopp til innhold

Kvinne i Ålesund blei svindla for 500.000 – no er «sentral aktør» arrestert

Ei kvinne i 70-åra busett i Ålesund skal ha blitt svindla av personar som lèt som dei var politiet. No har ein «sentral aktør» blitt arrestert.

Politihuset på Grønland i Oslo.

ETTERFORSKING: Oslo politidistrikt melder at dei har arrestert ein sentral person i det såkalla phishingmiljøet.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

Personen som politiet har arrestert skal vere ein «sentral aktør» i phishingmiljøet. Det melder Oslo politidistrikt.

Phishing er ein form for kriminalitet som har til hensikt å lure sensitiv informasjon ut av fornærma ved å opparbeide seg eit tillitsforhold.

Oslo politidistrikt har etterforska eit internasjonalt phishingmiljø som knytt seg til kriminelle nettverk i Noreg. Det er i samband med denne etterforskinga at dei no har arrestert ein person.

Les også Økokrim: – Dette er organiserte, økonomiske kriminelle som står bak

Vipps advarer mot svindelforsøk

Mann i 20-åra sikta

Den sikta er ein mann i 20-åra. Han er sikta for medverking til grovt bedrageri og grov kvitvasking.

Politiet opplyser at det kriminelle nettverket har kome i kontakt med fornærma på telefon og lèt som om dei har vore frå politiet.

Fredrik Reinertsen, politiadvokat

Fredrik Reinertsen seier at politiet aldri hadde nokon og bedd dei om kontoopplysningar på telefon.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Den fornærma er ei kvinne i 70-åra busett i Ålesund.

– Ho har blitt ringt opp av nokon som har sagt at dei er frå politiet. Dei har bedd ho om å oppgi kontoopplysningar og BankID for å overføre pengar frå kontoen hennar. Dette skal dei ha sagt at var for å hindre eit angrep mot nettbanken, seier påtaleansvarleg Fredrik Reinertsen til NRK.

Ifølge han skal dei ha lukkast med å få 500.000 kroner frå kontoen hennar. Noko av dette skal vere ført tilbake, medan ein del av det framleis er på avvege.

Ser alvorleg på saka

Reinertsen fortel at dei ser alvorleg på denne type bedrageri, og at kriminelle nettverk gir seg ut for å vere frå politiet.

– Politiet vil aldri ringe og be om kontoopplysningar eller bank-ID på telefon, seier han.

Politiet meiner at dei har sikre bevis på at den sikta mannen i 20-åra er involvert.

– Det er gjort ganske omfattande tekniske undersøkingar og dei peiker i retning av at han og fleire andre er involvert i saka, seier Reinertsen.

Han seier at det er snakk om eit miljø med fleire involverte, både i Noreg og utlandet.

– Desse er gjensidig avhengige av kvarandre for å utføre denne typen bedrageri.

Reinertsen seier vidare at etterforskinga held fram for fullt med avhøyr av fleire personar og tekniske undersøkingar.

Les også Ble svindlet for 700.000 kroner på telefonen – omfanget øker

En 78 år gammel dame fra Arendal ble lurt trill rundt på telefonen og svindlet for 800.000 kroner. Datteren Irene Pedersen sier de forteller historien for å advare andre.

Nektar straffskuld

Politiet opplyser at etterforskinga er i ei tidleg fase. Dei utelukkar difor ikkje at fleire kan bli arrestert i tida framover.

Advokat Kaja de Vibe Malling i Oslo tingrett.

Advokat Kaja de Vibe Malling er forsvararen til den sikta mannen.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Den sikta blei framstilt i Oslo tingrett i dag klokka 14.00. Der bad påtaleansvarleg Fredrik Reinertsen om varetektsfengsling i to veker med brev- og besøksforbod.

Advokat Kaja de Vibe Malling er forsvararen til den sikta mannen. Ho seier at han ikkje erkjenner straffskuld og har kravd å bli lauslaten. Dei meiner at det ikkje er grunnlag for å halde mannen fengsla i to veker.

Ho seier vidare at klienten hennar har samarbeida med politiet.

– Han har gitt ei forklaring og svart på dei spørsmåla dei hadde knytt til saka.

Dette er phishing

Her kan du høyre meir om fenomenet phishing: