I fjor tok politiet imot 23 100 meldingar om bedrageri, dette er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før.
Den store auken skuldast i hovudsak bedrageri over nett.
– Dette er organiserte, økonomiske kriminelle som står bak. Dei er både frå Noreg og utlandet. Dei bruker blant anna automatiserte digitale verktøy for å massebedrageri befolkninga, fortel leiar i Økokrim Pål Kulø Lønseth.
Store mørketal
Det finst store mørketal når det gjeld bedrageri.
Fleire bankar har tatt kontakt med politiet for å fortelje om nye former for bedrageri.
Ein særleg auke har skjedd i kategoriane «phishing» og «spoofing».
NRK forklarer
Slik sikrer du deg mot svindel
Se nøye på e-poster og SMS-er du får. Ta en kritisk vurdering av e-posten/SMS-en og sjekk avsender. Tenk over om dette kan være riktig. Sunn skepsis er aldri feil.
Sammenlign avsenders adresse med tidligere ekte e-poster og SMS-er.
Se spesielt etter falsk avsenderadresse, dårlig språk og stavefeil. De kriminelle blir stadig flinkere til å etterligne.
Vær særlig oppmerksom hvis du i en e-post/SMS blir bedt om å oppgi sensitive opplysninger som kontonummer eller sikkerhetskoder som BankID.
Ikke åpne vedlegg fra ukjente og klikk ikke på lenker ukritisk. Skriv heller inn internettadresser i nettleseren selv.
Spesielt på mobil kan det være fristende og klikke på en lenke i farten, ikke gjør det.
Er du i tvil, dobbeltsjekk med den riktige avsenderen på for eksempel Skatteetaten.no eller ring Skatteetaten på 800 80 000.
– Vi er veldig redde for, og har varsla over tid, om den teknologiske utviklinga som har gjort dette mogleg, fortel Løseth.
Opprettar ny eining for digital kriminalitet
Den kraftige auken i antal saker, sett saman med auken i profesjonelle aktørar, gjer at politiet no ønskjer å trappe opp innsatsen med å førebygge og motverke digital kriminalitet.
– Vi opprettar no ein eigen bedrageri-avdelinga innanfor økorim for å jobbe med desse sakene. Vi ønskjer å arbeide førebyggande, men og å samordne informasjonen vi har for å straffeforfølge gjerningsmenn, fortel Løseth.
Leiar i Økokrim Pål K. Lønseth.
Foto: Hans-Olav Landsverk– Dei kriminelle utviklar seg i tak med digitaliseringa av samfunnet. Vi ser at vinningskriminalitet har flytta seg til digitale rom. Dette er i tråd med kva vi har forventa og varsla om i tidlegare trusselvurderingar, avsluttar han.
Sjå døme på «spoofing»:
Svindlaren gir seg ut for å vere politiet. I løpet av dei neste timane tappar han kontoen hennar.