Hopp til innhold

Politijakt etter narkoprodusentar i Ørsta

Politiet jaktar på fleire personar som skal ha vore involverte i produksjon av narkotika i Ørsta i Møre og Romsdal.

Ørsta

JAKTAR I ØRSTA: Politiet vil arrestere endå fleire personar i saka om narkotikaproduksjon.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fleire personar er arresterte i ei sak som er under opprulling i Ørsta. Det handlar om produksjon av narkotika. Dei arresterte blir framstilte for varetektsfengsling laurdag.

Fengslingsmøtet er i Ålesund tinghus sitt lokale klokka 13. Som sakstema står grovt narkotikalovbrot.

Politiet seier til NRK at endå fleire personar skal bli arresterte, men at desse har gjort seg utilgjengelege etter at saka vart kjent.

Politiaksjon

POLITIAKSJON: Politiet har hatt mykje å gjere det siste døgnet. Dei aksjonerte mot eit hus i Ørsta kommune.

Foto: Tipsar

Prøvar å spore dei opp

Laurdag arbeider politiet med å prøve å spore opp og arrestere desse folka.

Politiet er svært tilbakehaldne med å gå ut med opplysningar i saka. Dermed veit vi ikkje kor stort omfang denne saka har.

Klokka 12 laurdag uttalte politiet at dei ikkje vil gi meir informasjon om saka no.

Operasjonsleiar Roar Fylling i Møre og Romsdal politidistrikt sa fredag til NRK at det er gjort beslag i saka.

Ålesund politistasjon.

LITE INFORMASJON: Politiet i Møre og Romsdal er forsiktige med å seie noko om kva som er gjort.

Foto: Tore Ellingseter / NRK