Hopp til innhold

Løyver pengar til fjordkryssing- men ikkje Halsafjorden

Regjeringa løyver planleggingsmidlar til fleire fjordkryssingar i Møre og Romsdal, men Halsafjordsambandet er ikkje nemnt. – Skuffande, seier leiaren i samferdselsutvalet.

Kristin Sørheim

Kristin Sørheim (Sp) er skuffa over at kryssinga av Halsafjorden ikkje er nemnd i statsbudsjettet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Stortinget har bestemt at E39 frå Kristiansand til Trondheim skal vere ferjefri innan 20 år. Vegen går gjennom seks fylke. I Møre og Romsdal skal tre ferjestrekningar erstattast med vegsamband. Førsteprioritet er Møreaksen, som inneber kryssing av Romsdalsfjorden.

Med Møreaksen vil det ta under ein time å køyre mellom Ålesund og Molde. Reguleringsarbeidet skal etter planen vere ferdig i 2016.

Møreaksen

Med Møreaksen på plass vil det ta under ein time med bil frå Ålesund til Molde.

Foto: Illustrasjon / NRK

Fleire fjordkryssingar

I forslag til statsbudsjett løyver regjeringa planleggingsmidlar til ferjefri E39. Dette inneber kryssing av Romsdalsfjorden, Sulafjorden og Vartdalsfjorden. Det vert også løyvd planleggingspengar til Vegsund-Breivika i Ålesund og Volda-Furene.

– For denne regjeringa har det vore avgjerande å ha full framdrift på prosjekt ferjefri E39 gjennom Møre og Romsdal. Det gjer at vi framleis skal planlegge så fort vi kan, slik at prosjekta kan vere klar for realisering i forbindelse med Nasjonal Transportplan, seier landbruksminister Jon Georg Dale. (Frp).

Han skal på synfaring og sjå på Møreaksen seinare i dag.

Landbruksminister Jon Georg Dale

on Georg Dale presenterte nytt frå budsjettet på Romsdalsmuseet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Halsa manglar

Leiar i samferdselsutvalet i fylket, Kristin Sørheim, (Sp) er skuffa over at kryssinga av Halsafjorden ikkje er nemnt.

– Dette er veldig merkeleg. Vi har hatt fokus på ferjefri E39 i heile fylket. Dersom eitt av prosjekta er skrinlagt av regjeringspartia, så er det tragisk, seier Sørheim.

Dale seier at dei har planmessig framdrift på alle område på ferjefri E39, på spørsmål om kvifor Halsafjord manglar.

– Det betyr at når vi planlegg ny E39, så er det der innsatsen blir retta for å bitte dette fylket tettare saman, utvide bu- og arbeidsregionen og reduserere kostnadene for næringslivet, seier Dale.

Eksportvegen

Sylvi Listhaug legg fram statsbudsjett i Ålesund

Sylvi Listhaug (Frp) er i Ålesund torsdag.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Sylvi Listhaug (Frp) er i Ålesund i dag for å snakke om statsbudsjettet. Ho er oppteken av den viktigaste eksportvegen ut av fylket, nemleg E136 Ålesund til Dombås. Regjeringa løyver 448 millionar kroner til strekninga.

– Der skal vi både utbetre tunnelar og drive skredsikring slik at det blir tryggare for alle, seier Listhaug. Det vert også løyvd midlar til kontrollstasjon på Marstein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL