Odd Steinar Bjerkeset (KrF) er ordførar i Gjemnes.
Foto: Roar Halten / NRK– Vi har fått ein førespurnad om det, ja.
Det seier gjenmnesordførar Odd Steinar Bjerkeset.
Han seier det svenske selskapet Eolus Vind i første omgang ønskjer å bygge fem eller seks turbinar, men at det på sikt er snakk om ti.
Ifølgje planane til selskapet skal produksjonen kunne kome opp i 100 GWh når anlegget står ferdig. Det svarar til årsforbruket til 5500 husstandar.
Ønskjer innspel frå bebuarar
Onsdag 25. blir det folkemøte om saka i Gjemnes. Bjerkeset seier dei gjerne vi ha innspel.
– Vi ønskjer å høyre kva dei som bur i området meiner, før vi behandlar saka i kommunestyret.
Så langt har tilbakemeldingane vore blanda. Nokre er skeptiske, fordi dei fryktar det vil bli synleg frå bygda, medan andre meiner det ikkje er ei stor sak.
– Så det er vel delte meiningar om dette som om så mykje anna.
Spent på folkemøtet
Bjerkeset er spent på kva som kjem ut av folkemøtet, men seier kommunen uansett skal behandle saka.
– Vi må jo seie enten ja eller nei, så vi skal behandle saka, ja. Men vi er som sagt interesserte i å høyre frå folket først.
Sjølv har han ikkje gjort seg opp ei meining enno.
– Vi veit litt lite førebels, men vi reknar vel med at vi får noko inntekter på dette. Så det er jo ei vurderingssak den eine eller den andre vegen. Men vi må vite litt meir først.