Hopp til innhold

Planlegg for framtida

Fleire aktørar diskuterer no kva som kan og skal kome inn i sjukehusbygget i sentrum av Kristiansund når det nye fellessjukehuset står ferdig. Helseføretaket vil bruke berre ein firedel av dagens sjukehusareal.

Kristiansund Sjukehus

Samtalar pågår om kva dette bygget skal innehalde i tida som kjem.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Både helseføretaket, kommunen, nabokommunar og ikkje minst tilsette har tankar om kva bygget kan huse.

Klinikksjef for kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Kristiansund, Hans Christian Ofstad, seier det finst gode planar for eit spesialisthelsetilbod, også etter at det nye fellessjukehuset står ferdig.

Bevare fagmiljø

– Frå vår ståstad er det viktig å bevare spesialisthelsetilbodet i Kristiansund. Det igjen er med å bevare både fagmiljø, arbeidsplassar og busetting. Samtidig kan dei tilsette vere med og jobbe på hovudsjukehuset.

Hans Christian Ofstad

Klinikksjef Hans Christian Ofstad seier gjenbruk kan vere god økonomi.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Klinikksjefen har tenkt framtid og framleis utvikling av helsetilbodet i Kristiansund. Han viser til kompetente fagmiljø som skal vere med og prege framtida.

– Ifølge det som er lagt fram beheld vi mellom anna ein del poliklinikk og eventuelt dagkirurgi, som del av ei større heilskap.

Økonomi

Spørsmålet er om det framtidige helsetilbodet skal vere lokalisert til dagens sjukehusareal eller om ein skal bygge nytt.

Operasjonstue

Ifølge klinikksjefen har sjukehuset i Kristiansund dei beste operasjonsstuene i regionen.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Det har med heilskap og økonomi å gjere. Dei beste operasjonsstuene i Midt-Noreg er i Kristiansund, og eit gjenbruk av slike areal er kostnadseffektivt. Infrastrukturen for røntgen med meir er her, så ein slepp å investere i nytt. Men det må følge med ein bruk av resten av huset, og det må vi finne ut av saman med helseføretaket og kommunen.

Mange med tankar

Og rådmann Arne Ingebrigtsen seier mange er med i diskusjonen om bruk av sjukehusbygget. Til dømes er ordførar- og rådmannskollegiet på Nordmøre, Orkide, engasjert i spørsmålet.

Rådmann Arne Ingebrigtsen i Kristiansund

Rådmann Arne Ingebrigtsen har tru på at heile bygget kan bli tatt i bruk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er mange ulike initiativ rundt alternativ bruk av dei resterande areala, fortel Ingebrigtsen.

Rådmannen peiker på ulike organisasjonar som i samdrift med kommunale-, fylkeskommunale- og statlege tenester kan få base i dagens sjukehus.

– Saman med private aktørar nærmar vi oss då ein masse som kan vidareføre heile sjukehuskroppen.