Hopp til innhold

Per (82) trudde han kjøpte gåvekort til leiaren i pensjonistlaget

Per Orvik og fleire andre i foreininga fekk spørsmål på e-post om dei kunne skaffe gåvekort i all hast. Problemet var at det var svindel.

Per Emil Orvik kjøpte åtte gåvekort av typen Paysafe card. Han blei utsett for svindel

Per Orvik kjøpte åtte slike gåvekort og trudde det var leiaren i pensjonistlaget som hadde bedt han om det.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

82-åringen går målbevisst bort til butikkhylla og viser fram gåvekorta han blei lurt til å kjøpe.

– Eg gjekk fem på svindelen. Det er litt pinleg, fortel Per Orvik. Den godlynna 82-åringen med kofte og stokk likar å hjelpe andre. Slik var det også då han fekk e-post i romjula, frå det han trudde var leiaren i pensjonistlaget, Leif.

Per Orvik sette seg i bilen og kjøpte åtte gåvekort til 1000 kroner kvar på daglegvarebutikken. Han kjenner godt leiaren Leif og veit at han ofte sit travelt opptatt i alle slags møter. Per såg for seg at Leif no skulle gi bort gåvekorta på møtet, som ei påskjønning.

Instruksen var at Per skulle ta bilete av gåvekorta og pinkoden og sende tilbake på e-post. Så langt kom han aldri. Bløffen blei avslørt.

Per Emil Orvik i Vatne og omland pensjonistlag blei utsett for svindel med gåvekort

Per Orvik sit i styret i Vatne og omland pensjonistlag. Både han og andre styremedlemmar fekk spørsmål om dei kunne skaffe gåvekort i full fart.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kjenner seg flau

Fleire andre i styret i Vatne og omland pensjonistlag fekk same e-post frå det dei trudde var leiaren. Truleg har svindlarane funne e-postadressene deira i Brønnøysundregistra.

Stein Harsjøen gjekk også i fella. Han har kjent leiar Leif heile livet sitt, både privat og i jobbsamanheng. For han var det slett ikkje rart at Leif var stressa og bad om ei teneste.

– Eg har stolt 110 prosent på han. Eg kunne ha vedda årsinntekta mi på at dette var sant, seier Harsjøen. Han kjenner seg flau i ettertid, men trur kven som helst kunne ha blitt lurt.

Stein Harsjøen i Vatne og omland pensjonistlag vart utsett for svindel med gåvekort

Stein Harsjøen synest det er flaut at han let seg lure. Han håper andre ikkje går i same felle.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

To svindla møttest tilfeldig

Harsjøen var rask med å skaffe gåvekort og sende e-post med bilete. Men då han drog tilbake på butikken i eit anna ærend, trefte han Per Orvik, som kunne fortelje at han også hadde kjøpt gåvekort.

I den augeblinken forstod begge at dei var svindla og dei fekk varsla resten av styret.

Saka er også meld til politiet. Harsjøen trur likevel at dei 8000 kronene han brukte er tapt.

– Det er irriterande å miste pengar, men det er som når du får ei lita fartsbot. Du blir litt oppskjørta der og då, men det går over, humrar Harsjøen.

Per og eit anna styremedlem som også hadde kjøpt gåvekort, sende dei aldri frå seg. Etter ein lang prosess fekk Per pengane tilbake for dei ubrukte gåvekorta. Han forstod nemleg ikkje kva han skulle bruke dei til sjølv.

Per Orvik, Stein Harsjøen og Leif Hofseth i Vatne og omland pensjonistlag. Dei blei utsett for svindel med gåvekort

Per Orvik, Stein Harsjøen og Leif Hofseth har lært at dei skal vere meir på vakt for svindel framover.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Sjekk språket

Svindel med gåvekort er ikkje det politiet får flest meldingar om, men sakene dukkar opp med jamne mellomrom. Ole Ivar Nybø, som er avsnittsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, har sjølv fått same e-post som dei svindla pensjonistane. Også politimannen blei bedt om å skaffe gåvekort, men forstod teikninga.

 Ole Ivar Nybø i Møre og Romsdal politidistrikt

Ole Ivar Nybø i Møre og Romsdal politidistrikt seier det er viktig å vere kritisk til e-postar du får og at folk må ta seg tid til å sjekke både språk og avsendar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Dei som tar kontakt hausar opp stressnivået og ber om at ting skal skje raskt. Mange av oss er pliktoppfyllande og ynskjer å vere til hjelp, seier Nybø. Også Vest politidistrikt og Troms har hatt svindelsaker med gåvekort den siste tida.

Ifylgje politiet er det ofte utlendingar som står bak denne svindelen. Eldre er ei av gruppene som er utsett for å bli svindla, fordi dei har lågare teknologisk kompetanse. Nybø ber folk om å vere kritisk når dei får slike spørsmål på e-post, og sjekke både språket og e-postadressa.

Har hjelpetelefon

Pensjonistforbundet har tatt ei rekkje grep for at eldre skal unngå å bli svindla. Dei held kurs og har oppretta ein hjelpetelefon, der medlemmane kan ringe og få støtte.

– Ein del eldre er kanskje ikkje så fortrulege med data som mange andre er. Og så er det nok dessverre slik at det er ein del svindlarar som konkret går etter eldre, seier Arne Halaas. Han er generalsekretær i Pensjonistforbundet.

Arne Halaas, generalsekretær i Pensjonistforbundet

Arne Halaas er generalsekretær i Pensjonistforbundet. Han seier at mange svindlarar går spesifikt etter eldre.

Foto: Johnny Syversen

I dag har Vatne og omland pensjonistlag songkveld. Den ekte Leif Hofseth er i full gang med å servere kaffi og pizzasnurrar i pausen. Han synest det er ubehageleg at namnet hans blei misbrukt i svindelen.

– Dei som prøver å svindle har veldig smarte metodar. Dei er i forkant, seier Hofseth.

Både Per Orvik og Stein Harsjøen har lært.

–Rådet er at ein må fylgje godt med og heller dra på handbrekket og vente, seier Orvik.

Songkveld i Vatne og omland pensjonistlag saman med Tennfjord mannskor

Eldre er meir utsett for svindel. Det har medlemmane i Vatne og omland pensjonistlag lært.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK