Hopp til innhold

Unge er mest utsett for nettsvindel: Nora (23) har blitt lurt fleire gonger

Over éin av fire nordmenn har blitt svindla på nett – og andelen er størst blant unge.

Nora Kvamme (23) har opplevd svindel på nett og deler sine beste tips for å unngå bomkjøp

MEDVITE: Student Nora Kvamme har opplevd svindel fleire gonger medan ho har netthandla.

Foto: RUTH SYNNØVE BARSTEN / NRK

MEDVITE: Student Nora Kvamme har opplevd svindel fleire gonger medan ho har netthandla.

Foto: RUTH SYNNØVE BARSTEN / NRK

– Eg vart svindla første gong då eg skulle kjøpe ein ryggsekk på Ebay. Eg og mamma betalte for sekken, men han kom aldri fram, seier Nora Kvamme.

23-åringen har handla på nett i mange år og har opplevd å bli lurt fleire gonger.

Dette sjølv om ho prøver å finne ut om det er trygt å handle der ho gjer det.

Ei ny undersøking gjort av Norsk senter for informasjonssikring (Norsis) på Gjøvik og Sparebank 1, viser at studenten ikkje er åleine.

Over éin av fire nordmenn har nemleg blitt svindla på nett.

Har du opplevd svindel på nett?

Tilrår å ta forholdsreglar

Ifølgje Finans Norge er haustferien svindeltid. Dei åtvarar mot å gå i svindelfella i ferien.

I aldersgruppa 20–29 år har over 4 av 10 opplevd å bli svindla for pengar på nett.

– Det er den yngste aldersgruppa som viser størst vilje til å ta risiko og som har flest uheldige erfaringar, seier seniorrådgivar Helle Jacobsen i Norsis.

Ho meiner ein i stor grad høyrer om eldre som blir svindla, men understrekar at også mange unge blir utsett for det same.

Dette sjølv om dei yngre har høgare digital kompetanse.

Helle Jacobsen i NorSis

Ei av årsakene til at så mange unge opplever å bli svindla på nett er at unge bruker digitale tenester mest, meiner Jacobsen.

Foto: Privat / Norsis

NRK forklarer

Her rådene frå NorSIS for å unngå nettsvindel

Her rådene frå NorSIS for å unngå nettsvindel

Vurder nettsida du handlar på og avgjer om den ser reell ut eller ikkje

Her rådene frå NorSIS for å unngå nettsvindel

Er tilbodet for godt til å vere for sant? Eller er personen den gir seg ut for å vere?

Her rådene frå NorSIS for å unngå nettsvindel

Aldri gi frå deg personopplysningar utan å vere trygg på mottakaren

Her rådene frå NorSIS for å unngå nettsvindel

Ikkje del bilete eller annan personleg info til folk du ikkje stoler på

Her rådene frå NorSIS for å unngå nettsvindel

Ikkje ta avgjørelser under stress

– Har sett mykje på YouTube for å lære

Nora Kvamme vart ikkje berre lurt då ho skulle kjøpe ein ryggsekk på Ebay.

23-åringen opplevde også svindel nyleg då ho skulle kjøpe ei veske på nett.

Kvamme sjekka andre kundar sine referansar i framkant av kjøpet, men fekk eit produkt som ikkje likna på det ho hadde betalt for.

Nora Kvamme (23) har opplevd nettsvindel

Då Nora Kvamme vart lurt, då ho kjøpte ein ryggsekk på Ebay, hadde mora heldigvis betalt med kredittkort. Familien fekk difor pengane tilbake då produktet ikkje dukka opp.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Studenten fortel at ho har lært mykje om kva ho skal sjå etter, etter mange år med handel på nett.

– Eg har sett mykje på YouTube for å lære om dei ulike produkta. Eg les også tilbakemeldingar frå andre kundar, seier ho.

Kvamme er i dag driven i å sjekke referansar og produkt før ho betaler når ho handlar på nett.

Ho tilrår å berre kjøpe merkevarer ein kjenner til frå før, og å bruke sosiale medium og referansar til å sjekke opp seljaren.

Les også Kvinne dømt for 47 nettbedragerier

svindel mobil

Bruk sikre betalingsløysingar

Erik Bjerkaas, fagsjef for antisvindel hos Sparebank 1 Østlandet, rår unge til å bruke sikre betalingsløysingar på dei ulike plattformene.

– Men kanskje også sjå om det går an å finne informasjon om seljar, om hen har legitimert seg med BankID, har gode meldingar og om seljar har vore på salsplattforma lenge, seier han.

Antisvindel-sjefen forklarer at dei unge ofte blir utsett for svindel på Finn.no eller på brukt-appen Tise.

– Altså stader dei skal kjøpe ei vare og betaler på forskot, men så får dei aldri vara, forklarer Bjerkaas.

nettsvindel-stillas-ungdom
Ruth Synnøve Barsten / NRK

Har ikkje blitt svindla

Dennis Braaten-Kjøhl (20) kjøper få ting på nett og har aldri opplevd svindel.

Han tilrår å handle på trygge sider og vurdere utsjånad på nettsida.

Julian van der Weele
Ruth Synnøve Barsten / NRK

Bruker berre kjente butikkar

Julian van der Weele (26) har bestilt mykje på nett, men held seg til store butikkar som han kjenner til. Han har aldri blitt utsett for svindel.

– Eg forheld meg til venner og kjente.

Han er ikkje uroa for svindel, men er obs på å ikkje handle hos små aktørar.

Ikkje bruk meir pengar enn du har

28 år gamle Marie Horsevik (som ikkje ønska å bli tatt bilete av) kjøper elektronikk og bøker på nett.

– Eg held meg til kjente nettsider. Eg kjøper også billige ting først om eg er i tvil, fortel studenten.

Ho prøver å vere varsam når ho handlar på nett.

Varesvindel er mest vanleg

Den aller mest utbreidde forma for svindel er dei tilfella der ein betaler for ei vare eller teneste ein aldri får.

Ifølgje undersøkinga gjeld dette 11 prosent av dei spurde, altså litt over 500.000 personar i Noreg.

Mange gir også frå seg kort- og bankopplysningar.

– Det er det rundt 5 prosent som seier dei har opplevd, seier Jacobsen i Norsis.

Svindlarane bruker ofte såkalla sosial manipulering, som vil seie at svindlaren speler på kjensler og tillit. Dei som blir svindla trur då gjerne at dei er i kontakt med seriøse aktørar.

Det er sjuande gong Norsis gjennomfører den såkalla tryggingskulturundersøkinga. Formålet er ifølgje Norsis å ta tempen på nordmenns digitale tryggleik.

– I år viser undersøkinga at vi er meir bekymra enn før og at vi er meir på vakt, seier seniorrådgivar Helle Jacobsen i Norsis.

Les også Svindlet eldre for 5 millionar kroner

Det kan være ulovlig å hjelpe noen å logge inn i nettbanken med kodebrikke eller BankID.

Flere saker fra Innlandet