Pengar frå ferjene viktige
Stortingsrepresentant Helge Orten frå Høgre håper at på ei rask avklaring og løysing for Nordøyvegen. I går leverte analyseselskapet Deloitte ein rapport som viser at Nordøyvegen kan bli sjølvfinansierande. Orten, som er medlem av Stortingets transportkomitè, meiner rapporten viser kor viktig ferjeavløysingsmidlane er for slike prosjekt. Orten håper på eit vedtak i Stortinget neste vår.