Passasjerbåt for ferje

Det blir passasjerbåt frå Sæbø klokka 22.15 og frå Leknes 22.30 i kveld. Dette fordi ferja på sambandet er innstilt ut kvelden på grunn av tekniske problem. Det melder Fjord1. Laurdag blir det alternativ rute på sambandet. Fjord1 ber reisande om å gå inn på frammr.no og slå opp «Rutetider i tilfella kor ei av ferjene på rute 12 eller 16 er ute av drift».