Hopp til innhold

– Eg hadde aldri trudd at uvaksinerte kunne få ta seg av pappa

Ein pårørande i Molde er provosert over at uvaksinerte helsearbeidarar får jobbe med eldre og svake. – Kommunane må sjølve vurdere tiltak for uvaksinerte tilsette, svarer regjeringa.

Søndag døydde ein person som blei smitta i utbrotet i heimetenesta ved Glomstua omsorgsdistrikt i Molde. Vedkomande var eldre og fullvaksinert.

Til saman seks brukarar av heimetenesta i Molde har blitt smitta av ein uvaksinert tilsett. Tre av dei hamna på sjukehus, ifylgje kommunen.

Faren til ei kvinne NRK har snakka med har vore inn og ut av sjukehus etter å ha blitt smitta og er innlagd for tredje gong.

– Det er kjempeskummelt. Heimetenesta skal vere trygt for både dei som får hjelp og pårørande, seier dottera. Ho vil vere anonym av omsyn til faren.

Ho er kritisk til uvaksinerte tilsette.

– Eg hadde aldri trudd at uvaksinerte kunne få ta seg av pappa. Det var eit sjokk. Og eg trur folk blir sjokkerte av å høyre at det er slik rundt i kommunane.

– Bør kunne takke nei

Dottera er sjølv vernepleiar og jobbar innan omsorgsyrket. Ho fortel at kollegaer og vener er svært overraska over at uvaksinerte får lov til å pleie eldre og svake, no som ein har så mange fullvaksinerte i Noreg.

– Eg trur dei fleste blir overraska og provosert av å høyre at dette er kvardagen rundt om i kommunane. Ein må få kunne bestemme sjølv i eige heim og kunne takke nei til hjelp frå uvaksinerte, seier dottera.

Har innført pålegg

Dødsfallet søndag er det første koronarelaterte dødsfallet i Molde kommune.

Kommuneoverlege i Molde, Cato Innerdal.

– Vi valt å innføre ekstra smitteverntiltak – både for å beskytte våre brukarar og våre tilsette, seier kommuneoverlege Cato Innerdal.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi har jobba hardt for å unngå dette. Smitten kom frå ein tilsett og det er ekstra beklageleg, seier kommuneoverlege i Molde Cato Innerdal.

Molde kommune har innført pålegg om at helsepersonell som ikkje er fullvaksinerte brukar ekstra smittevernutstyr når dei er i nærkontakt med pasientar.

Det blir per no ikkje sett inn andre tiltak, men etter ein gjennomgang av vaksinasjonstaus hos dei tilsette ville fleire ta vaksine, ifølgje kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen.

Ifølgje Molde kommune viser ei kartlegging blant tilsette innan helse og omsorg at 92,7 prosent av de tilsette var fullvaksinert. 1,5 prosent var delvis vaksinert, medan 5,6 prosent var uvaksinert. Blant dei uvaksinerte var det ein vesentleg andel som var gravide.

Eldreombud Bente Lund Jacobsen.

Eldreombod Bente Lund Jacobsen meiner alle helsearbeidarar bør bruke smittevernutstyr. Ho meiner at dei som mottar hjelp burde ha rett til å vite om pleiarane er vaksinerte eller ikkje. 

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Bør bruke smittevernutstyr

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier det som er skjedd er trist. Ho meiner det er viktig for dei eldre å føle seg trygge i heimane sine og meiner difor helsetilsette i heile landet bør få beskjed om å bruk smittevernutstyr.

– Ein veit ikkje kor lenge ein vaksine varer og ein er uansett ikkje hundre prosent sikra mot smitte. Det vil difor vere nokre tilfelle der ein kan bli smitta og det bør ein unngå, seier Jacobsen.

Kan bli omplassert

Statssekretær med ansvar for saker relatert til covid-19

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) seier at det er frivillig å vaksinere seg, men at arbeidsgivar kan omplassere uvaksinerte som jobbar med pasientar som kan få alvorleg sjukdom eller døy av korona.

Foto: Lise Åserud / NTB

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) i Helse og omsorgsdepartementet seier at uvaksinerte som jobbar med sårbare pasientar, kan bli omplasserte. Det finst ingen nasjonale krav om at uvaksinerte skal bli omplasserte, men det er opp til kommunane sjølve å avgjere.

– Vi meiner at dette kan kommunane sjølv vurdere. Dei må sjølvsagt sjå på arbeidsplassen og pasientane det gjeld og ta ei vurdering på om det eventuelt er andre tiltak enn omplassering som kan gjerast, slik at pasientane er trygge, seier Korkunc.

Kva plikt har den tilsette til å opplyse om ein har tatt vaksine?

– Det er ingen tvang å seie at du er vaksinert eller ikkje, men visst du ikkje oppgir at du er vaksinert, blir du tatt for å vere uvaksinert, seier Korkunc.

– For lite audmjuk

Dottera til den smitta i Molde er i risikosonen og blei sjølv koronasjuk etter at ho besøkte faren. Ho syns kommuneleiinga har vore lite audmjuk.

– Det er for dårleg av Molde kommune, og dei har ikkje beklaga. Vi andre har tatt forholdsreglar gjennom heile pandemien og så er det fritt fram med dei svakaste, seier kvinna.

Kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen seier det er trist at pårørande følar kommunen ikkje har beklaga seg, men ho meiner dei gjorde det umiddelbart.