Hopp til innhold

Parkinsons-sjuke Jan syklar Birken

Syklistar over heile landet har dei siste månadane jaga etter toppforma før Birkebeinerrittet. Jan Modell kjem aldri i form, men deltar likevel i sykkelløpet på tandem.

Jan Modell

Jan Modell (74) har sprunge og sykla heile livet. No er forma svært dårleg etter fleire år med Parkinsons sjukdom. Det stoppar han ikkje frå å sykle Birken.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Å få på seg sykkelbuksa er ikkje enkelt når hendene skjelv og styrken i musklane nesten er borte. I dag har Jan Modell frå Brattvåg fått god hjelp av treningskompis Tor-Erling Johansen. I fleire månader har dei to vore i hardtrening på tandemsykkel for å førebu seg til fredagsbirken.

– På julaftan fekk eg sykkelklede i gåve av Tor- Erling. Og på kortet stod det at denne gåva forpliktar, seier Jan Modell (74).

Hekta på trening

Før han fekk Parkinsons sjukdom var Modell ein svært aktiv mann. Han kunne springe to lange fjellturar på same dag, ein før frukost og ein på kvelden. Sykling har også vore ein stor hobby og Modell har deltatt på mange sykkelritt både i Noreg og utanlands, men aldri Birken.

– Det var på ein fjelltur eg oppdaga at Jan er i forbausande god form sjølv om han er sjuk. Då fekk eg ideen om å ta han med på Birken, seier Tor-Erling Johansen.

Johansen veit godt korleis det er å vere i dårleg form. Han braut sjølv rygg og nakke i ei ulykke for 30 år sidan og då var Jan Modell ein god støttespelar under opptreninga.

Tor-Erling Johansen og Jan Modell

Tor-Erling Johansen har sykla Birken på tandem fleire gongar. I år inviterte han med seg kompisen Jan Modell.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Må bidra

Å kome seg opp på tandemsykkelen tar tid. Jan Modell trillar rullatoren heilt bort til sykkelen på skjelvande føter. Når han først er på plass, går dei rutinerte beina av seg sjølv.

– Alle trur at eg gjer all jobben, men Jan trør han også. På tandem er det ikkje råd å jukse, seier Johansen.

Dei to skal ha med seg fire hjelperyttarar på den 94 kilometer lange turen mellom Rena og Lillehammer. Sykkelen er tilpassa slik at Jan Modell skal klare turen, med blant anna polstra sete og ekstra støytdemping. For 74-åringen er det etappane der ein må gå som er mest krevjande.

– Eg har aldri tenkt at eg ikkje klarer turen. Eg skal i mål. Har eg sagt A, får eg seie B også, seier Modell. Det han gler seg aller mest til er ikkje berre syklinga, men å treffe att gamle sykkelkompisar på grillfesten etterpå.

Jan Modell har Parkinsons sjukdom. Likevel syklar han Birkebeinarrittet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL