Hopp til innhold

Pappa Lars kan sende sonen ned i 1.-divisjon

ÅLESUND/BÆRUM: Det er ikkje plass til både Lars og Emil Bohinen i neste års eliteserie.

Lars og Emil Bohinen

FAMILIEDUELL: Anten må Lars Bohinen ta eit år til i 1.-divisjon saman med Aalesund, eller så er det Stabæk og sonen Emil som må ned eit hakk.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen og Siri Saugstad / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det blir sikkert sendt nokre meldingar fram og tilbake mellom oss. Men det er ikkje vits i å spørje meg om kva som skjer hos oss, eller at eg får info om dei. Det blir meir tullball mellom far og son, seier Lars Bohinen.

Den 49 år gamle Aalesund-trenaren har lykkast i å rykke opp begge dei to tidlegare høva han har vore trenar i 1.-divisjon. Han rykte opp med Sandefjord både i 2014 og 2016.

I år såg det veldig lenge lovande ut også for Aalesund, men etter ein tung haustsesong vart laget nummer tre og måtte dermed ut i kvalifiseringsspel.

Det har så langt gått veldig bra med sigrar både mot Nest-Sotra og Sogndal. Men i det siste hinderet ventar Stabæk og sonen Emil.

– Han er jo faren min då, men akkurat no er Stabæk det viktigaste. Om pappa må spele eit år til i 1.-divisjon så får han berre gjere det, seier den talentfulle 19-åringen.

Eliteserien fotball 2017: Stabæk - Sarpsborg (3-0)

TALENT: Emil Bohinen i aksjon for Stabæk i år. 19-åringen fekk sin a-lagsdebut for Bærum-klubben i fjor. han har også spelt fleire aldersbestemte landskampar, inkludert på U21-landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ingen ønskesituasjon

Emil Bohinen har spelt 12 seriekampar for Stabæk i år, men neste år kan det altså bli 1.-divisjonsspel på midtbanespelaren. Det ofrar ikkje Bohinen junior nokon tankar no.

– Eg tenkjer det skal bli gøy. Eg gler meg til veldig og spelar for å vinne, seier Stabæk-spelaren.

Lars Bohinen

I STABÆK: Lars Bohinen som sportsdirektør.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Ifølgje pappa Lars er det andre forhold enn møtet med sonen som gjer kvalikkampane mot Stabæk spesielle.

Han var sjølv sportsdirektør i Bærum-klubben i tre suksessfulle år.

– Vi tok sølv, gull og bronse i tida mi som sportsdirektør. Det gjer at du får eit forhold til klubben og folka som jobbar der. Eg kjenner veldig mange der. Så dette er ingen ønskesituasjon. Men når eg først er i den må eg tenkje mest på meg sjølv, seier Lars Bohinen.

Møter gammal spisskjenning

Stabæk har levert ein ujamn sesong i eliteserien i år, men dei klarte å berge kvalifiseringsplass etter eitt poeng mot Strømsgodset i siste runde.

Stabæk haust har blitt trena av Lars Bohinen sin gamle lagkamerat på klubb- og landslag, Henning Berg, og har faktisk også eliteseriens toppscorar i Franck Boli (17 mål).

Han kjenner Aalesund godt, sidan Boli var på utlån i til sunnmørsklubben frå kinesiske Liaoning FC i 2016.

– Boli er ein svært god spiss. Han scorar mål og er både rask og sterk. Han har i grunnen det meste, seier Aalesund-kaptein Fredrik Carlsen.

I Aalesund scora Boli meir beskjedne sju mål for to år sidan.

– Men eg er ikkje overraska over at Boli er toppscorar i serien. Han var god då han spelte her også, seier Carlsen.

Franck Boli

SPELTE I AALESUND: Franck Boli scora sju mål på 27 seriekampar for Aalesund i eliteserien i 2016.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL