Hopp til innhold

Øydela utstyr

I høyringa etter Bourbon Dolphin-forliset kom det fram at utstyr om bord blei øydelagt.  Tre krokar som fester kjettingen knakk under arbeidet med tunge anker dagane før havariet.

Granskingskommisjonen Bourbon Dolphin
Foto: Terje Reite

- Skipperen hadde kontakta "land" for å høyre om utstyret som måler trykket på kjettingen kunne vere riktig, fortalde matros Egil Atle Hafsås. Bakgrunnen var at vi hadde knekt så mykje utstyr. Tre krokar brakk, men eg veit ikkje om det var på grunn av sterkt trykk, eller om det var snakk om metalltrøyttleik, sa Hafsås.

Tung jobb

- I ettertid ser eg at det var ein tung jobb vi var med på, fortalde Per Jan Vike. Vi øydela mykje utstyr. Eg såg ikkje signala der og då.  Kanskje burde nokon ha skjønt det. Og det var ikkje berre vi som øydela mykje utstyr, sa Vike.

Informasjon

Også Per Jan Vike fekk mange spørsmål om kva informasjon mannskapet fekk. - Vi på dekk fekk ingen informasjon om at dette skulle vere nokon spesielt tøff jobb. Men arbeidet til oss matrosane blir jo heller ikkje så veldig forskjellig om vi jobbar på djupt vatn eller ikkje.

- Hadde ikkje ditt skift nokon diskusjon om sikkerheit, blei det spurt.  - Vi var ikkje med på noko spesielt sikkerheitsmøte, sa Vike.  Ikkje noko som var spesielt for akkurat denne jobben.  Men vi skulle følgja vanlege sikkerheitsrutinar.