Hopp til innhold

Overvåker USA

Eksportindustrien i fylket følgjer nøye med på renteutviklinga i USA.

Oslo Børs
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Nils-Fredrik Drabløs
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Kva vi får att for kvar dollar vi vekslar om til norske kroner er viktig for Ekornes og difor følgjer vi godt med, seier administrerande direktør i Ekornes Nils Fredrik Drabløs.

Norske varer blir dyrare

I går satte den amerikanske sentralbanken ned renta med 0,75 prosentpoeng. Dette fører til svakare dollar i forhold til norsk krone, som igjen gjer at norske varer blir dyrare i USA. Ekornesdirektøren håper at større kjøpekraft som følge av lågare rente, skal vege opp for prisauken. 

Viktig handelspartner

USA-eksporten til møbelkonsernet Ekornes utgjer opp mot 25 prosent av totalomsetninga til selskapet.

- Om den amerikanske konsumenten etter kvart kan bruke litt meir pengar vil det virke positivt på salet til Ekornes i den amerikanske marknaden, seier Drabløs.

Meir pengar å rutte med

Og det er nettopp for å gi amerikanske forbrukarar meir pengar å rutte med som er grunnen til dei mange og kraftige rentekutta i USA. Krisa i den amerikanske finansmarknden er ikkje over og det er venta ytterelgare rentekutt i USA. Sidan den norske renta er uendra og langt høgare enn den amerikanske vert norske varer dyrare i USA.

Blir ikkje ramma

Også Stokke i Skodje eksporterer møblar til USA. I fjor utgjorde eksporten knapt 85 millionar av ei omsetning på 600 millionar kroner. Administrerande direktør Kristine Landmark, seier dei i liten grad vert påverka av det som skjer i amerikansk økonomi.

Eksklusiv nisje

- Vi sel skandinaviske designprodukt til ei lita, pengesterk snisje i marknaden. Dei blir nok også påvirka av økonomien, men ikkje i like stor grad som dei som lev litt meir på knivseggen, seier Landmark.

- Det går vel ei smertegrense og for denne gruppa?

- Ja, absolutt. Vi følgjer med og ser kva som skjer. Vi er instillt på at vi eventuellt må sjå på om vi skal reduserer marginen vår på produkta. Vi jobbar for å bli i marknaden på lang sikt og då må vi bli der så lenge vi ser der er muligheit for at renter og valuttakursar kan bli betre.