Overvakar «Mannen» nøye

Det rasfarlege fjellpartiet «Mannen» i Romsdalen har ligge fjellstøtt under snø og is i vinter. Men no kjem plussgrader og vårflaum. Då startar rørslene i fjellet.

Mannen

SKREDFARLEG: Fjellpartiet Mannen har bevega seg ein millimeter i veka gjennom vinteren.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Frå time til time overvakar geologane fjellet med avansert teknologi. Fjellpartiet har vore overvaka i fleire år. Men sist haust blei det sett opp meir utstyr, og det blei montert strekkstag i det mest utsette området. Geologane meiner overvakinga no er betre enn nokon gong.

Lars Harald Blikra

Sjefgeolog Lars Harald Blikra i NVE/Åknes Tafjord beredskap.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Gjennom heile vinteren har «Mannen» berre flytta seg ein millimeter i veka.

Vi følgjer med og har gode data frå overvakinga. Dermed har vi god kontroll på rørslene og situasjonen., seier sjefgeolog Harald Blikra.

Blikra er klar på at fjellpartiet før eller seinare kjem til å rase ut.

Men eg vil ikkje spekulere på når skredet kjem.

Sist haust blei det varsla at så mykje som 120 000 kubikkmeter steinmasse kunne rase rett ned i botnen av Romsdalen frå det skredutsette fjellet. Som følgje av skredfaren blei fleire bustadhus og fritidsbustader evakuerte, og toglinja gjennom Romsdalen blei stengd i ein periode.

I vinter har det vore stabilt kaldt, og det har kome mykje snø. Framleis er det kaldt i over 1000 meters høgde, men geologane har registrert ein viss auke i rørslene på milde dagar.

– Det må kome mykje smeltevatn før rørslene blir store. Også vi er spente på korleis fjellet kjem til å reagere på smeltevatnet.

Mannen
Sjå "Mannen" heile døgnet.

Det er straks juni, og dermed er det venta varme også høgt til fjells. Ved jonsoktider brukar elva Rauma i botnen av dalen å vere flaumstor ved jonsoktider.

Vi har planar og rutinar for overvaking og varsling. Og vi følgjer nøye med no, seier Blikra.

NVE melder tysdag morgon at snøsmeltinga i høgfjellet på Vestlandet ikkje har kome skikkeleg i gang enno. Men det er uvanleg mykje snø i fjellet, samanlikna med det som er normalt på denne tida av året.

NVE nemner spesielt at det er sannsynleg at det blir vårflaum i fleire av elvane på Vestlandet frå Rauma i nord til Rogaland i sør.