Hopp til innhold

Håper dei framleis kan bu under «Mannen»

Framtida er framleis svært uviss for dei som bur under det rasutsette fjellpartiet «Mannen» i Rauma. Framleis er det uvisst om det er mogleg å bu i området i framtida.

Gunn Walstad Sogge

Gunn Walstad Sogge håper ho og familien framleis kan bu på garden under det rasutsette fjellet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Mannen i Rauma

Fjellpartiet ved «Mannen» har vist seg stabilt etter at frosten kom, men det er venta nye rørsler til våren.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er klart vi opplever ein stor utryggleik, seier Gunn Walstad Sogge. Ho bur på ein av gardane under det rasutsette fjellpartiet og var av dei som blei evakuerte då fjellet stod i fare for å rase ut.

Evalueringsmøte om Mannen

I dag var det evalueringsmøte om evakueringa på Åndalsnes.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I dag var fleire etatar og dei som var råka samla for å evaluere evakueringa i fjor haust. Sogge seier det framleis er vanskeleg å leve med utryggleiken.

– Vi har fått flytte heim no og vi er trygge fram til det skjer noko igjen. Men vi veit jo ikkje kva som skjer i framtida, om vi får bu her, om vi må flytte for godt, kor mange gonger må vi evakuere – dette veit vi jo ikkje.

Har tillit til overvakinga

Sjølv om Sogge seier dei er urolege for framtida, kjenner dei seg likevel trygge på at dei vil bli varsla dersom fjellet igjen tar til å røre på seg.

– Akkurat det har vi tillit til. Fjellet er så godt overvaka og vi får så god informasjon at det ikkje er det vi fryktar.

Alle målingar sidan desember har vist at fjellet no er relativt stabilt. Men geologane meiner dette kan endre seg når vårløysinga kjem. Og med nye rørsler, kjem spørsmålet om ny evakuering.

– Det er det verste for oss, vi håper at vi i alle fall får gjort unna lamminga heime og at det ikkje skjer noko før ut på sommaren.

Har fått dekt delar av utgiftene

Ho seier dei har blitt godt tatt vare på i tida som har vore.

– Vi har fått veldig god hjelp frå kommunen og veldig god informasjon, så vi har ikkje noko å utsetje på det.

– Kva med det økonomiske, det har vore nokre spørsmål om det?

– Fram til no har vi slite litt alle som har vore evakuert fordi det har vore uklart om vi fekk dekke utgiftene våre. Men vi fekk vite i dag at mykje har ordna seg.

Ho seier målet er å bli buande i det rasutsette området.

– Vi held på å bygge på fjøset, så vi håper på at det er mogleg å halde fram å bu her. Det er her vi vil vere.