To tidlegare tilsette har kjøpt foredlingsanlegget til Pan Fish på Aukra til ein pris som er under taksten på 7,2 millionar kroner.Tildlegare teknisk sjef, Johnny Småge, og tidlegare økonomisjef, Olaf Andre Eide, har kjøpt eigedomsmassen.
Ny drift til våren
Dei nye eigarane satsar på å kome i gang med produksjon i løpet av våren. Kjøparane har ikkje eigne laksekonsesjonar til å skaffe råstoff og i avtalen med Pan Fish, har dei plikta seg til å ikkje drive med slakting i ti år framover.