Hopp til innhold

Bestefar tiltalt for seksuelle overgrep mot barn

I dag startar rettssaka mot ålesundsmannen som skal ha forgripe seg på to av sine eigne barnebarn.

Ålesund tinghus

Ein mann i 70-åra frå Sunnmøre er blant anna tiltalt for å ha forgripe seg på sine eigne barnebarn.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

I desember i fjor vart ein mann i 70-åra tiltalt for oppbevaring av om lag 2000 bilete og 6 videoar av barn som vart utsette for seksuelle overgrep. Han er også tiltalt for overgrep mot to jenter han er bestefar til.

Overgrepa skal ha starta då jentene var fire og fem år gamle, og ifølgje tiltalen skjedde det fleire gongar. Tiltalen er tatt ut av statsadvokatane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane.

Tysdag startar rettssaka i Sunnmøre tingrett, og den varer til og med fredag 14. februar i femte etasje på Ålesund tinghus.

Mannen i 70-åra er tiltalt for brot av fire punkt i straffeloven:

  • Paragraf 192: for ved vold eller ved truande åtferd skaffa seg seksuell omgang.
  • Paragraf 195: for å ha hatt seksuell omgang med barn under 10 år gjentatte gonger.
  • Paragraf 197: for å ha hatt seksuell omgang med slektning i nedstigande linje.
  • Paragraf 204: for å ha produsert, innført, vore i eige av, eller mot vederlag gjort seg kjent med framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn.

Strafferamme for seksuelle overgrep mot barn

§192. Kan straffast for valdtekt med fengsel inntil 10 år. Ved vurderinga av om det er utøvd vold eller truande åtferd eller om fornærma var ute av stand til å setje seg imot handlinga, skal det leggjast vekt på om fornærma var under 14 år.

§ 195. Den som har seksuell omgang med barn under 14 år, straffast med fengsel inntil 10 år. Dersom den seksuelle omgangen var samleie er straffa fengsel i minst 3 år.

Tiltalte kan få fengsel i inntil 21 år viss handlinga er gjort av fleire i fellesskap, handlinga er særleg smertefull eller krenkande, handlinga er gjort ovafor barn under 10 år og det har skjedd gjentatte overgrep, den skyldige har tidlegare vore straffa etter denne avgjerda eller etter § 192, eller fornærma som følgje av handlinga dør eller får betydeleg skade.

§ 197. Den som har seksuell omgang med slektning i nedstigande linje, straffast med fengsel inntil 5 år. Som slektning i nedstigande linje reknast biologiske og adopterte.

§ 204. Straffast med bøter eller med fengsel inntil 3 år.

Kilde: Straffeloven

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL