NRK Meny
Normal

Krev tre år fengsel for overgrep på barnebarn

I Sunnmøre tingrett krev aktor fengsel i tre år for mannen som er tiltalt for seksuelle overgrep mot fleire mindreårige barn.

Ålesund politistasjon

Mannen i 70-åra som er tiltalt for

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen var bestefar til barna, og overgrepa skal ha skjedd i perioden mellom 1989 og 1992.

Førstestatsadvokat Jan Hoel har påstått tre år fengsel, kor eitt år og seks månader er vilkårsbunde. Hoel seier at dommen kjem innan ei og ei halv veke.

Mannen er tidlegare dømt for slike lovbrot.

Mannen i 70-åra er tiltalt for brot av to punkt i straffelova:

  • Paragraf 195: for å ha hatt seksuell omgang med barn under 14 år gjentatte gonger.
  • Paragraf 207: for å ha hatt utuktig omgang med slektning i nedstigande linje.