Vil ha meir openheit rundt overgrepssaker

Stadig fleire barn som blir utsette for vald og seksuelle overgrep blir avhøyrde av spesialistar.

Stadig fleire barn i fylket som blir utsette for vald og seksuelle overgrep, blir avhøyrde av spesialistar.
Ingrid Heggli

Ingrid Heggli trur at openheit i samfunnet vil gjere at fleire barn vil stå fram med sine hemmelegheiter.

Foto: Besnik Zogaj / NRK
Statens Barnehus i Ålesund

På Statens barnehus i Ålesund kjem mange barn for å fortelje sine historier om overgrep.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Statens barnehus i Ålesund opna for vel eitt år sidan, og målet er å hjelpe born i ein utsett situasjon. På eit avhøyrsrom i barnehuset fortel barna om dei alvorlege hendingane. Politi som er spesialutdanna til å snakke med barn og ungdom har ansvaret for avhøyret.

– Mange tør ikkje å fortelje sine historier

Samtalen vert tatt opp med lyd og bilete, og på eit anna rom sit ein tingrettsdommar, advokatar og andre fagpersonar og høyrer på. Dette vert kalla eit dommaravhøyr. Ingrid Heggli, leiar ved Statens barnehus i Ålesund, seier at talet på avhøyr ikkje vil gå ned med det første.

– Eg trur at det er mange barn som går rundt med store hemmelegheiter fordi dei fryktar konsekvensar, seier leiaren.

I Ålesund i fjor gjekk det i gjennomsnitt 23 dagar frå saka kom opp til avhøyr. Målet på nasjonalt plan er maks 14 dagar.

Stigma i samfunnet

Heggli seier at det er eit stort stigma i samfunnet rundt det å bli utsett for seksuelle overgrep, og ho håper at større openheit vil vere positivt for barn i denne situasjonen.

– Når ein aukar fokuset på slike saker så vil det bli lettare for barn å fortelje sine historier, seier Heggli.

Statens Barnehus er eit tilbod til barn og ungdom som kan ha vore utsett for, eller vore vitne til vold eller seksuelle overgrep, der det er meldt til politiet. Tilbodet er også for vaksne med ein psykisk utviklingshemming. Statens Barnehus gir råd og rettleiing til privatpersonar og offentlege instansar i anonyme saker som er uavklarte.

Det er oppretta 10 barnehus i Noreg. Dei ligg i Bergen, Hamar, Tromsø, Trondheim, Kristansand, Oslo, Stavanger, Ålesund, Bodø og Sandefjord.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.