Hopp til innhold

Ørsta-brunost kan ryke

Brunostproduksjonen i Ørsta kan verte lagt ned i løpet av veka.

Gudbrandsdalsost

KAN RYKE: Gudbrandsdalsosten er mellom dei sortane som kanskje ikkje skal lagast i Ørsta lenger.

Foto: SCANPIX / Scanpix

Tine kjem truleg til å legge ned produksjonsanlegget for brunost i Ørsta eller meieriet i Lom og Skjåk.

Ei innstilling om dette skal vere klar og overlevert leiargruppa i Tine.

Tillitsvalt Frode Aurmo ved meieriet i Lom seier dei får vite konklusjonen i rapporten på eit allmøte i løpet av veka.

Meieriet i Ørsta lagar mellom anna Gudbrandsdalsost G35, geitost, krydra brunost og bestemorost.