NRK Meny
Normal

Stranda-ordfører raser mot Telenor

Mobilnettet har vore nede nesten heile torsdag for Norddal, Stranda, Stordal og Sykkylven. – Uhaldbart av Telenor, meiner Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad

Strandaordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) er lite imponert over Telenor.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ei kraftig påminning om at vi er som lev i eit såkalla moderne samfunn, seier ordføraren om det som hende torsdag då fleire kommunar på Sunnmøre mista mobilnettet.

Det begynte på føremiddagen, då det oppstod problem med mobilnettet i Norddal, Stranda, Stordal og Sykkylven. 18 basestasjonar vart råka og ein trudde årsaka låg i eit defekt datakort i sentralen som ligg i Stranda. I 15-tida melde Telenor om at feilen hadde blitt retta, men få minutt seinare var mobildekninga ute igjen.

Først i 22-tida torsdag kveld var nettet oppe igjen, etter at nytt teknisk utstyr hadde blitt rekvirert frå hovudlageret til Telenor.

– Det uroar meg at mobilnettet er nede sjølv på ein roleg sommardag når sola skin og alt er roleg. I ein alminneleg norsk kommune handlar dette først og fremst om beredskap, og når mobilnettet er nede ein heil dag er det jo heilt håplaust, seier han.

Les også:

– Kan ikkje gardere oss

– Dette er ikkje ein ønskeleg situasjon, men vi kan ikkje gardere oss mot at det oppstår feil i sentralane våre, seier regional informasjonssjef Per Arild Meling til NRK.

Per Arild Meling

Per Arild Meling i Telenor, sier at det er vanskelig å helgardere seg mot problemer.

Foto: Pressefoto

Han meiner kommunane og fylka har eit sjølvstendig ansvar for å ha beredskapsplanane klare dersom telenettet er nede.

– Om slikt skjer er det også viktig at kvar enkelt av oss tenkjer gjennom kva ein skal gjere, seier Meling og legg til at dei råka kommunane denne gongen trass alt har hatt breiband og fastnett tilgjengeleg.

Tryggestad medgir at kommunen sjølv har eit ansvar for å ha beredskapen i orden, men at å halde styr på mobilnettet ikkje er deira oppgåve.

– Kommunikasjon og nett kan ikkje vere vår oppgåve. Telenor har jo bygd ut eit nett for at ein skal kunne bruke det.

Les også:

Vil ha forklaring

No vil Tryggestad at Telenor gjer greie for seg.

– Det er ikkje fyrste gong vi opplev dette. Sist no var det i forbindelse med ein orkan, so då var det lettare å forstå at linjene var nede. Men det som skjedde no er slett ikkje haldbart. I 2014 burde vi ha greidd å fått etablert eit system som i større grad enn i dag gjev oss tryggleik om at det verkar når vi treng det. Telenor må forklare seg, for det har vore alt for mykje tilfeldig dei siste åra.