Hopp til innhold

Ord i dag: audmjuk og ydmyk

"Syrgjeplagg har eg sytt om min kropp og bøygt meg audmjukt i støvet," seier Job i Det gamle testamentet. Job var ein hardt prøvd mann som visste kva det hadde på seg å vere audmjuk.

Uunngåeleg

Eg ser ein nytilsett direktør bli intervjua i fjernsynet. Han – for det er oftast ein mann – seier nokre høgtidelege ord om det nye arbeidet sitt, og så kjem det uunngåelege: Han er audmjuk når han ser fram mot dei nye oppgåvene han skal ta fatt på.

- Ja ja, tenkjer eg, han har iallfall lært seg kva frasar vår tid krev når ein får seg ny jobb. Vi har også høyrt litt om kva lønn denne toppsjefen har heva i den stillinga han no går ifrå. Det var ikkje akkurat noko audmjukt over den, og no får den audmjuke mannen i dress og slips sikkert nokre hundre tusen meir i året. Mannen har også hausta mykje ære fordi han slanka, som det heiter, den arbeidsplassen han har forlate. Mange trufaste tilsette miste arbeidet. Ein kan bli audmjuk av mindre.

"Smålåten"

For å vere sikker på at eg med min sure språklege skepsis ikkje gjer direktøren urett, går eg til hylla der ordbøkene står. Nynorskordboka har denne definisjonen av audmjuk: smålåten, kravlaus, spak.

Hm. Kva seier bokmålsordboka, skal tru? Ydmyk – jau, det er å vere beskjeden, saktmodig, underdanig.

Litt snodig at det i dag verkar som det først og fremst er folk i leiande stillingar som framstår som audmjuke. Eg får det ikkje heilt til å passe, men kanskje mannen eg snakkar om har gått gjennom ei omvending, ja for audmjuk har ofte religiøse undertonar, og før audmjukskap blei ein del av vokabularet hos toppleiarar, var det særleg i kristeleg samanheng me trefte på dette omgrepet. Bokmålsordboka, som er den kristelegaste av dei to, gjev oss ein definisjon også her: from, syndserkjennende, som underkaster seg Guds vilje.

Ein som blir mjuk

Vel, lat oss no gløyme den personen eg kanskje likevel har gjort urett, og sjå litt nærare på korleis det norske ordet audmjuk eller ydmyk er blitt til.

Auđmjúkr heitte det på gammalnorsk – det tyder: ”som lett blir mjuk”. På svensk ödmjuk, på dansk, bokmål og riksmål ydmyk. Her er det første leddet aud truleg blitt til yd på grunn av y-en i myk, og aud fortel at noko er lett eller enkelt. I mitt barndomsmål lever enno adjektivet audkjendaud skal uttalast au - den som er audkjend, er lett å kjenne att, det kan for eksempel vere noko ved kroppsbygninga eller ganglaget som gjer at ein sjølv på god avstand ser at det er ho eller han.

Ei mykje

Og den som er ydmyk eller audmjuk, kan vere det fordi vedkommande er blitt ydmykt eller audmykt. Verbet for å gjere nokon mjuk, er å mykje, i dette tilfellet å audmykje.

Såleis har me også fått eit substantiv som ikkje blir så ofte brukt lenger: ei mykje eller ei mykja. Som Ivar Aasen forklarar det i Norsk Ordbog: "en Opbankning, en Dragt Prygl." Ho mor, snill og fredeleg som ho oftast var, kunne av og til seie når ho var forarga på nokon: ”Han skulle hatt seg ei mykje!”

Eit ord frå Paulus

Men det skal gjerne meir til enn ei mykje for å gjere nokon audmjuk. Sjølv vil eg verken påverke høg eller låg i samfunnet, men sidan vi denne gongen opna ”Ord i dag” med eit sitat frå Det gamle testamentet, skal eg avslutte med ei oppmoding frå Det nye – det er ingen ringare enn Paulus som i brevet til filipparane seier:

Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve!

***************

Her kan du sende e-post og foreslå andre tema til Ord i dag