Hopp til innhold

Månadskort med språkslurv

Det nye månadskortet er flotte greier. Endå betre ville det vore om nokon hadde lese korrektur...

Månadskort
Foto: Odd Sørås / NRK

I min barndom var det få som køyrde bil, men desto fleire som sykla. Som rimeleg var, blei det ofte snakka om sykkelen og alt som hadde med den å gjere. Styret. Bjølla. Lykta. Dynamoen. "Kattauå," som vi sa. Og alt det andre som var på sykkelen, blant anna noko vi sjeldnare ser på syklane i dag: bagasjebrettet eller bagasjeberaren.

Bak på sykkelen

Eller, som det ikkje var uvanleg å høyre: gabasjeberaren. Vi visste, iallfall dei fleste av oss, kva som var rett, men likevel godtok vi at somme bytte om bokstavane og sa gabasjeberar.

Ei i familien min sa konsekvent koas. Det var ho forresten ikkje åleine om, og det er framleis somme - til og med journalistar - som trur at kaos heiter "koas".

Perse eller presse

Men at somme snakkar om å perse buksa med eit persejarn, eller lagar persesylte, det er faktisk god og grei og akseptabel norsk. Berre slå opp i ordboka, så finn du ut at du kan både presse og perse med godt samvit. Elles har verbet "å perse" i seinare år fått ei ny tyding: å setje personleg rekord.

Legitimasjon

Kanskje det vanlegaste tilfellet av bokstavombyte i dag gjeld ordet legitimasjon. Ordet kjem opphavleg frå det latinske lex, som betyr lov. Noko som er legitimt er i samsvar med lova, eller rettkome. Og legitimasjon er eit lovleg bevis på at du er den du hevdar å vere. Du kan også bli bedd om å legitimere eit krav - vise at du har lovleg rett på det du ber om. Men eg tippar at du mange gonger har høyrt at folk i staden seier legimitasjon, eller at du er blitt bedd om å legimitere deg.

Månadskortet

Det er likevel uvanleg å treffe på slikt slurv i offentleg samanheng. Derfor måtte eg lette på augebrunene då eg nyleg kjøpte nytt månadskort på båten eg reiser til arbeid med kvar dag.

Ved nyttår blei det innført ein ny type månadskort, og det har eit offentleg preg så det forslår. På framsida står både riksløva og emblemet til Møre og Romsdal fylke, dei tre vikingskipa. På baksida står det seks korte linjer med ei lita orientering om kortet. Eg tilgjev gjerne at det manglar eit punktum og at dei i staden for ordet "berre" brukar kremmarordet kun, som gjer seg dårleg i nynorsk. Verre er det at i avsnittet som fortel at kortet er personleg, står det: Ved tvil om rett eigar skal legimitasjon framvisast.

Nei, Møre og Romsdal fylke og Tide Sjø, eg kan ikkje vise fram "legimitasjon," for noko slikt finst ikkje! Og eg reknar med at den kortansvarlege i fylket no må skrive fem hundre gonger: legitimasjon, legitimasjon, legitimasjon, legitimasjon…..

Korrekturlaust månadskort
Foto: Odd Sørås / NRK