Konsernsjef i oppdrettsselskapet Pan Fish, Atle Eide, seier at tiltak som næringa har sett i verk har byrja å fungere.
- Pan Fish har no inngått store kontraktar om sal av laks til over 20 kroner kiloen, seier Eide til nyheitsbyrået Reuters.
Som sjef for Pan Fish, styrer Eide ein vesentleg del av verdsproduksjonen av oppdrettslaks.
Glede
Det er lenge sidan oppdrettselskapa har kunne glede seg over ein auke i lakseprisane.
Tidlegare i sommar foreslo Eide tiltak som kunne redusere utbodet av fisk i eit forsøk på å gjenninnføre balanse i marknaden.
I lengre tid har produksjonen vore langt større enn etterspurnaden, som har ført til rekordlåge prisar og store tap for næringa. Dette til tross for at salet av fisk har vore aukande.
Lansiktige kontraktar
Ein gjennomsnittspris på 18 kroner kiloen er også lavt, men ifølgje Eide har Pan Fish no inngått langsiktige kontraktar om å levere fisk til 20 kroner kiloen til nokre storkundar.
Det er heller ikkje ein pris å hoppe i taket av og oppdrettarane må nok få den opp eit par kroner til før inntektene igjen byrjar å tikke inn.
Likevel er dette signal om at marknaden kanskje har stabilisert seg.
Signala frå Eide vart også godt mottekne på Oslo Børs, der Pan Fish-aksjen steig med 19 prosent og fekk ein sluttkurs på 25 øre.