Hopp til innhold

Opprør på Kristiansund sykehus

Dei tilsette stilte ikkje til eit informasjonsmøte i protest ved Kristiansund sykehus i dag.

Leiinga ved helseføretaka ville orientere om vedtaka rundt sjukehusa i regionen, men nådde ikkje fram, skriv Tidens Krav.

I staden for å vere med på møtet, las vara-hovudtillitsvald for overlegane Ralph Herter opp ei erklæring for leiinga.
 

Helse Midt vil ikkje avgjere om akutt- og fødetilbod bør flyttast frå Kristiansund til Molde før det er gjort ein grundig konsekvensanalyse.