Hopp til innhold

Oppdaga flammar under stigbrettet

Dei oppdaga svart røyk på høgre sida av lastebilen, og trudde det var motoren det var noko gale med. Så opna dei bildøra, og flammane slo opp i taktrekket.

Dei sat i lastebilen som brann

Håvard Hårstad og Arnt Tilset var på veg frå Oppdal til halsa då lastebilen byrja å brenne. Arild Lervann var ein av dei første som kom til for å hjelpe dei.

Foto: John Storholt

Det gjekk raskt føre seg då ein lastebil med hengar tok til å brenne på Fv 65 i Surnadal i 10-tida i føremiddag.

– Dramatisk? Nei, men hektisk, var det, seier sjåfør Arnt Tilset.

Saman med kompis Håvard Hårstad var han på veg frå Oppdal til eit arrangement med traktorpulling i Halsa, då lastebilen byrja å brenne i då dei var på veg ned bakkane frå Nordmarka til Bæverfjord.

Bak på bilen hadde dei ein hengar med to traktorar, og ein tredje stod i container framme på hovudplanet. Traktorane skulle dei bruke i konkurransen i traktorpulling på Øyan stadion i Betna.

Flammane slo opp

Tilset fortel at han sat ved rattet då han oppdaga svart røyk som han trudde kom frå motoren.

– Gale med motoren, nei? Det brenn, svarar Håvard i det han opnar døra på passasjersida for å sjekke kva som står på.

Der ser han flammar under stigbrettet like ved døra.

– Flammane slår opp i taktrekket, og det er berre å stanse bilen så raskt som råd, og køyre til sides, seier Tilset.

Utbrent førarhus på lastebil

Førarhuset på lastebilen er fullstendig utbrent. Brannen utvikla seg mest eksplosjonsarta etter at dei to om bord, hadde fått hoppa ut av bilen.

Foto: John J. Storholt

Så var det å kome seg ut av bilen. Tilset gjekk det greitt med, men Hårstad måtte krype over seta og kome seg ut sjåfør-døra.

– Då sette eg foten fast i stigbrettet, og står her no utan sko, ler han då vi møter han på sokkelesten kort tid etter brannen.

Dei fekk berre med seg mobiltelefonane ut frå førarhuset. Varmen var så intens at det ikkje var snakk om å hente ut meir.

Eksplosjonsarta

Dei to kompisane var ikkje før komne seg ut av bilen, før flammane slo kraftigare til

– Det var mest eksplosjonsarta, og vi hadde ikkje sjanse til å få gjort noko med brannen, sjølv om ein forbipasserande henta eit brannsløkkingsapparat på ein gard like ved, fortel Arnt Tilset.

Surnadal brannvern

Både brannvesen og ambulanse rykte ut då meldinga om bilbrannen kom.

Foto: John J. Storholt

Dei to heiv seg rundt for å prøve å berge traktorane, og fekk av dei to som stod på trekkvogna, og den tredje køyrde dei så langt bak i containeren som råd.

– Og det gjekk greitt. Alle tre traktorane er uskadde, seier Tilset og Hårstad.

Alt mannskap ut

Brannvesenet i Surnadal køyrde ut med fullt mannskap då dei fekk melding om bilbrannen.

Innsatsleiar Gunnar Bøe i Surnadal seier dei såg ei høg røyksøyle frå fylkesvegen på lang avstand.

Brannmann ved utbrent lastebil

Innsatsleiar Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen fekk saman med mannskapet kontroll på staden.

Foto: Johan Storholt

– Då vi kom fram, brann det heftig. Flammane slo høgt over lastebilen, og vi køyrde på med skum. Vi fekk ganske raskt slått ned flammane, fortel Bøe.

Brannvesenet klarte å hindre både diesel- og oljesøl.

Det høyrer med til historia at dei to hardhausane frå Oppdal, no har fått hjelp av ein annan lastebilsjåfør som skulle ta dei vidare til Halsa.

– Traktorpulling blir det likevel, smiler dei to, glade for at det gjekk godt med både dei og dei tre traktorane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL