Brannvesenet er framleis på staden der ein lastebil med trekkvogn tok full fyr for i 10-tida i føremiddag.
– Det var like ved avkøyringa til skytebanen i Surnadal at bilen brått tok til å brenne, og det var straks full fyr i han. Dei to som sat i førarhuset fekk kasta seg ut, så det var nokså dramatisk, seier operasjonsleiar Kjell Biesmans ved Nordmøre og Romsdal Politidistrikt.
Dei to er uskadde, men blir tekne hand om av ambulansepersonell, opplyser Biesmans
Traktorar på planet
På lasteplanet til bilen stod tre traktorar. To skal ha stått på hengaren, og den tredje på hovudplanet.
– Då brannvesenet i Surnadal kom til, var det full overtenning med stor temperatur, seier operatør Sindre Kongshaug ved 110-sentralen til brannvesenet i Møre og Romsdal.
Lastebilen med traktorane skal ha vore på veg til eit arrangement i Halsa då det byrja brenne,og brannen skjedde i det bilen var på Nordmarka på veg nedover mot Bæverfjord.
Det blir no drive manuell dirigering forbi staden der bilbrannen skjedde.
Årsak til brannen er ukjent, og det blir opp til politiet å granske kvifor det tok til å brenne i førarhuset på lastebilen i Surnadal.