Hopp til innhold

Rasfare førte til tjuvopning

Måndag opna Statens vegvesen Hjartåbergtunnelen sjølv om den ikkje er heilt ferdig.

Hjartåbergtunnelen i Volda

Måndag opna tunnelen som eigentleg skulle stå ferdig i mars.

Foto: Svein Skeide

Eksisterande fylkesveg 651 forbi Hjartåberget er rasutsett og i førre veke kom fleire steinar ned og trefte autovernet på strekninga. Då starta arbeidet med å få nye Hjartåbergtunnelen førebels sikkerhetsgodkjent slik at han kunne opnast for trafikk.

Fare for nye ras

Sundag 16. februar kom nedbøren, og det vart tatt ei avgjerd i samråd med geolog og folk med god lokalkunnskap om at eksisterande veg måtte stengast grunna faren for nye ras.

Pressekontakt i Statens vegvesen i Møre og Romsdal, Anne Marit Øksenvåg Johansen, seier at dei har jobba heile helga med å rydde tunnelen slik at den kunne opne for trafikk.

– Vi har starta med kolonnekøyring i låg fart gjennom tunnelen. Det er framleis arbeid på staden, så folk må førebu seg på nedsett fart, seier Øksenvåg i Statens vegvesen.

Stengt for godt

Vegvesenet vil ikkje lenger ha trafikk på vegen på grunn av rasfaren. Vegen har vore stengd sidan i går, og i dag opna tunnelen som eigentleg skulle stå ferdig i mars. Der går no følgjebil om lag kvart tiande minutt døgnet rundt, og dette vil vere løysinga i ei tid framover.

Slik vil det vere fram til arbeida i tunnelen er ferdige og Vegdirektoratet kan gi endeleg tryggingsgodkjenning. Gamle fylkesveg 651 forbi Hjartåberget er stengd for godt.

Som følgje av planane for ny E39 Kvivsvegen kom sikring av Hjartåberget inn på Nasjonal transportplan som eit eige prosjekt. Tunnelen er 3,5 kilometer lang, og regjeringa løyvde 10 millionar til bygginga.

Hjartåbergtunnelen

Det er kolonnekøyring gjennom Hjartåbergtunnelen i Volda.

Foto: Svein Skeide

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL