Hopp til innhold

Omstridd kraftverk

Statnett kallar det den viktigaste investeringa i Noreg på fleire år. Miljøvernorganisasjonane hevdar det er eit katastrofalt veivalg.

Mobilt gasskraftverk Tjeldbergodden
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Årsaka til usemja er at slike mobile gasskraftverket slepp ut dobbelt så mykje Co2 som eit vanleg gasskraftverk utan reinsing.

Men Statnett hevdar anlegget berre skal nyttast i naudstilfelle.

Klart 1.januar

Dei sju jetmotorane som no blir montert på Tjeldbergodden i Aure kan produsere mykje energi av gassen frå Heidrunfeltet.

Den 1. januar er det mobile kraftverket klart til å forsyne forbrukarane i Møre og Romsdal med straum.

Monteringsarbeidet er snart gjort unna, inne på Statoil sitt område på Tjeldbergodden.

Viktig rolle

Knut Lockert, samfunnskontakt, Statnett

Knut Lockert, samfunnskontakt i Statnett.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Kraftverket som er rulla på plass vil i følge samfunnskontakt i Statnett, Knut Lockert, få ei svært viktig rolle dei kommande åra.

- Situasjonen i Møre og Romsdal framover vil fortsatt være at behovet og tilgangen på kraft vil sprike stadig meir, seier Lockert.

- Derfor ser vi i Statnett dette som ein måte å trygge tilgangen på kraft,  i ein eventuell krisesituasjon. Vi kan samanlikne det med eit aggregat på eit sjukehus. Når straumen fell bort, startar naudaggregatet.

I det nye kraftverket blir ubehandla fossil gass brukt til å lage straum i sju jetturbinar. Seks av desse er no klare.

I kvar av dei står ein jetmotor ganske lik ein flymotor, og tilsaman kan dei produsere 150 megawatt. Det tilsvarar eit normalt årsforbruk i 20 000 husstander, eller all kraft som gassproduksjonen på Nyhamna i Aukra treng dagleg.

Men investeringa kostar pengar, og når Statnett er ferdig med eit tilsvarande anlegg på Nyhamna neste vår, vil dei ha investert 1, 6 milliardar kroner. Dette vil forbrukarane bli nødt å betale.

- Vi må justere nettleia til forbrukarane for å dekke inn denne investeringa, seier Knut Lockert i Statnett. Han trur det vil dreie seg om eit påslag på mellom 50 og 100 kroner på straumrekninga til forbrukarane neste år.

- Dette meiner vi at ei slik sikring er vel verdt, seier Knut Lockert

Barna må betale dyrt

Øystein Folden, Norges naturvernforbund

Øystein Folden i Naturvernforbundet

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Det er ikkje alle like einige i, for dette er ei investering naturvernorganisasjonane er lite glade for.

- Dette er eit monument over kor grådig samfunnet vårt er blitt, seier leiar i naturvernforbundet, Øystein Folden.

- Vi brukar ressursar som ikkje er fornybare og vi forureinar miljøet. Dette må våre barn og barnebarn betale dyrt for, hevdar han.

Folden trur ikkje på at Statnett vil la dette anlegget stå ubrukt lenge.

- Vi fryktar at dette er ei snikinnføring av gasskraft i Noreg, seier han.

Øystein Folden får støtte frå Kristi Langli i Natur og Ungdom. Ho hevdar styresmaktene heller burde brukt pengane på andre energikjelder.

Kristi Langli, leiar Natur og Ungdom, Møre og Romsdal

Kristi Langli er leiar i Natur og Ungdom Møre og Romsdal

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

- Tenk om vi hadde brukt like mykje pengar på å utvikle fornybar energi, seier Langli.

- Vindkraft, bølgekraft og andre energikjelder er framtida, ikkje denne enorme miljøbomba her, seier leiaren i Natur og ungdom i Møre og Romsdal, og peikar på ein av dei grå trailerane som er montert  inne på Statoil sitt område på Tjeldbergodden.

 

Vil prioritere fornybar energi

Men Statnett hevdar dei vil prioritere fornybar energi som den frå vindmøllene på Hitra og Smøla, før dei startar opp dette mobile alternativet.

Eit alternativ dei stadfestar er langt mindre miljøvennleg enn eit tradisjonellt gasskraftverk.

- Det er riktig at desse turbinane forureinar, seier Knut Lockert,  men det gjer dei berre når dei er i drift, og i utgangspunktet skal dei aldri brukast. Vi har heller ikkje konsesjon på oppstart av kraftverket. Den får vi berre hvis Noregs vassdrags- og energiverk, NVE vil gi oss det, seier han.

Olje og energiminister Åslaug Haga har pålagt NVE at ein slik konsesjon berre skal delast ut i ein krisesituasjon. Lockert hevdar dette gir strenge rammer for bruken.

- Vi kallar det ei krise nå det er meir enn 50 prosent sjanse for at vi må rasjonere straum til forbrukarane.

Andre tiltak prøvd ut

Direktøren i Noregs vassdrags- og energiverk Agnar Aas seier til NRK at det er fleire tiltak som skal prioriterast før dei gir løyve til å starte opp dei mobile kraftverka i Møre og Romsdal.

- Da skal tiltak som kraftig prisauke, informasjon om sparetiltak og opsjonavtalar mellom bedrifter vore prøvd ut, seier Aas.

Han utelukkar ikkje at ein slik situasjon vil oppstå, men håper at desse kraftverka vil stå ubrukt til eit betre alternativ er funne.

Naturvernforbundet har klaga på konsesjonen som Statnett har fått for å bygge desse mobile kraftverka, og denne klagen ligg inne hos NVE til behandling.

Mobilt gasskraftverk
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK