Hopp til innhold

No kan det bli kraftige kutt i ferjetilbodet

Mindre pengar frå staten kan føre til kraftige kutt i ferjetilbodet. Njål Sivertstøl vurderer å flytte fordi ferjekaia på heimstaden blir lagt ned.

Her kommer ferja og skal legge til kai ved Åram-ferjekai. Fjellene bak ferga er mektige, og været er knallfint med blå himmel og sol.

Ferjekaia på Åram i Sande er foreslått nedlagt. Ferja går mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy i kommunane Sande og Vanylven.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg blei heilt sjokkert då eg høyrde at ferjekaia skal leggast ned. Dette osar av ein ekstrem arroganse, seier Njål Sivertstøl.

For eit par år sidan flytta siviløkonomen og familien frå Oslo til heimkommunen Vanylven. Det gjorde to andre barnefamiliar også.

Sivertstøl jobbar i Ålesund og fleire gongar i veka pendlar han med ferja. Turen tar fire timar tur/retur. No er ferjekaia på Åram foreslått lagt ned og då blir turen forlenga med ytterlegare 50 minutt.

– Det blir ekstremt vanskeleg for meg, seier Sivertstøl. Han vurderer om han må byte jobb i den avgrensa arbeidsmarknaden eller flytte tilbake til Oslo.

Njål Sivertstøl

Njål Sivertstøl tok med seg familien til heimkommunen Vanylven for eit par år sidan. Dersom ferjekaia blir nedlagt blir jobbreisa så lang at han må vurdere kva dei skal gjere vidare.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Får mindre pengar

Det såkalla ferjeopprøret var med på å gi gratis ferje og betre ferjetilbod fleire stadar. Men eit ekspertutval nedsett av regjeringa går inn for omfordeling av statlege midlar til fylka. Ifølgje kommunal- og distriktsministeren er hensikta å gje folk likeverdige tenester i alle fylka i heile landet.

Resultatet kan bli millionkutt i fleire kystfylke. Møre og Romsdal risikerer å tape 187,9 millionar kroner i årlege inntekter.

– Dette er dramatisk, seier Arild Fuglseth, samferdselsdirektøren i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Frå før av er det bestemt at fylket må spare 200 millionar kroner på ferjedrift. Dermed blir det ferjekutt i heile fylket. Fuglseth forstår at ferjepassasjerane på Åram er fortvilte, men meiner sambandet er så lite brukt at det rammar få personar.

Arild Fuglseth står i en gang. Han har grått hår, briller og har på seg dunjakke.

Det nye inntektssystemet gjer at det kan bli kutt i fylkesferjer, kollektivtilbod og hurtigbåtar i tillegg, seier Arild Fuglseth, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Foto: Remi Sagen / NRK

Spår lange ferjekøar

Fylkesvaraordførar Kristin Sørheim (Sp) meiner ekspertutvalet sitt forslag betyr at ein fjerdedel av ferjedrifta må kuttast.

Fylket brukar allereie 200 millionar kroner for mykje på ferjedrift kvart år, som dei hentar inn frå skule og vegar, ifylgje Sørheim.

– Skal det kome endå fleire kutt er det aldeles drepande for næringsliv og busetting i kystfylka, seier fylkesvaraordføraren. Ho ser for seg færre avgangar, lange køar og lang ventetid.

Ekspertutvalet sitt forslag til nytt inntektssystem

Anslag på fordelingsvirkning av flertallets forslag til nytt inntektssystem

Fylkeskommune

1000 kr

Kr per innbygger

Østfold

93 277

312

Akershus

359 977

573

Oslo

156 627

228

Innlandet

132 097

341

Buskerud

-10 212

-36

Vestfold

-27 178

-108

Telemark

-18 842

-109

Agder

24 997

82

Rogaland

-216 391

-453

Vestland

-81 926

-129

Møre og Romsdal

-187 863

-707

Trøndelag

-5 037

-11

Nordland

-193 232

-795

Troms

-116 377

-699

Finnmark

90 084

1 190

Landet

0

Ekspander/minimer faktaboks

– Tar bort livsnerven

Folk i næringslivet trur nesten ikkje det dei høyrer. Røyrleggarfirmaet til Runar Vik har omtrent 100 turar med ferja frå Åram i året.

Det er vel for å spare pengar. Men ein kan ikkje ta vekk livsnerven frå samfunnet heller. Vi er avhengig av at dei små tilboda også fungerer i ein større samanheng, seier Runar Vik, dagleg leiar i A.M. Vik Røyrleggarfirma i Syvde.

Fire passasjerer om bord i ferja som har tatt av fra Åram ferjekai. Det er fire voksne menn som ser ut av ruta og på den nydelige utsikta.

Passasjerane er sinte og frustrerte over forslaget om å legge ned ferjekaia. Det er starta ein underskriftskampanje.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

No er innbyggjarane spende på korleis ferjeframtida skal bli.

Eg trur mange av dei som sit og bestemmer dette ikkje ser konsekvensane. Dei ser kroner og øre, men ikkje folket som lid, seier Frode Høgset, aksjonsleiar av Nei til nedlegging av Åram ferjekai. I løpet av kort til har dei samla 600 underskrifter mot forslaget.

Forslag om omfordeling av inntektene til fylkeskommunane skal ut på høyring, før saka blir behandla i Stortinget.

Les også Fekk billegare ferje, men avgangar blir kutta

Henrik Dalelid Vedde på ferjekaia på Sulesund. Bak han står tavla som viser at neste ferje til Hareid går kl 11.10