Mange kystsamfunn har fått gratis ferje og andre stadar har ferjeprisane blitt billegare.
Passasjerane jubla, men no byrjar det å murre igjen blant øybuarar.
I Møre og Romsdal skal det sparast 14 millionar kroner på ferjedrifta. Det betyr at det blir færre avgangar frå 1. januar, spesielt om natta.
Vanskeleg å dra på byen
Jan Erik Bringslid, som bur på øykommunen Aukra, er ikkje blid.
– Det er dårleg gjort. Det er ikkje råd å gå ut og ta seg ei øl lenger på fredagskvelden. Det er nesten som at vi på øyane ikkje skal ha moglegheit til å dra på fastlandet, seier Bringslid.
Ferja som går til Aukra blir gratis i august 2023, men Bringslid meiner det ikkje er ei trøyst.
– Det hjelp ikkje med gratis ferje visst den ikkje går, seier han.
Også venene Robin Hjertvik og Emilie Eikrem Varhaugvik er frustrerte. Etter nyttår må dei avslutte festen i byen tidleg for å rekke siste ferja heim. Alternativet blir dyrt.
– Då må vi legge oss inn på hotell, seier Jektvik.
Feil veg å gå
Det var etter eit massivt ferjeopprør at regjeringa kutta i ferjeprisane. Organisasjonen Fergeaksjonen seier at då dei kravde lågare prisar, venta dei ikkje at tilbodet skulle bli dårlegare.
– Vi synest dette er feil veg å gå. No hadde vi endeleg fått på plass eit bra og føreseieleg tilbod. Vi likar ikkje utviklinga, seier leiar Henrik Dalelid Vedde.
Han trur folk kjem til å bli urolege når dei oppdagar at ferjeavgangar forsvinn over nyttår.
Men bør de ikkje vere nøgde med å fått gjennom både billegare og gratis ferjer?
– Det har blitt billegare, men når frekvensen er redusert er vi like langt. Folk må legge om livet og endre logistikken, seier Vedde.
Han vil minne politikarane om at det er val neste år.
Krev meir pengar
Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), synest ikkje reduksjon i ferjetilbodet er ei hyggeleg nyttårsgåve. Ho meiner at Stortinget må kome på banen.
– Vi kan ikkje bruke meir pengar på ferje enn det vi gjer no. Det går utover vidaregåande opplæring, tannhelse og vegvedlikehald, seier Sørheim.
Fylkeskommunen manglar 200 millionar i året for å finansiere dagens ferjedrift og Sørheim varslar fleire kutt i 2024 og 2025 dersom det ikkje kjem meir pengar.
– Eg ser ikkje anna råd enn at det må eit nytt kystopprør til, seier politikaren.
– Regjeringa satsar på ferjer
Stortinget vedtok gratis ferjer på strekningar med under 100.000 passasjerar frå 1. juli 2022. I tillegg blei billettprisane på alle andre samband billegare.
– Denne regjeringa satsar på ferjer. Derfor kjem det 420 millionar kroner meir til billigare ferjer i 2023. Det er bra, og kjem folk og næringsliv til gode i heile landet, seier statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet.
Han seier det er opp til fylkeskommunane å prioritere korleis dei ønskjer å bruke desse midlane.
Første moglegheit regjeringa har til å vurdere ytterlegare midlar til ferjedrift er gjennom revidert nasjonalbudsjett i mai 2023.