Ferge
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Ferjeopprør i Møre og Romsdal

  • Billegare ferje

    I den nye tiltakspakken er Stortinget samde om å kutte ferjetakstane med 20 prosent frå onsdag på riksvegane. Også fylket kjem til å sette ned prisane på sine samband. Kristin Sørheim (Sp), leiar i samferdselsutvalet i fylket, seier at prisane skulle stige 1. juli på grunn av Autopass. Denne auken skjer truleg ikkje. Fylkestinget vedtok også å auke prisen med to takstsoner i fjor, men også det kan bli justert ned. Ho forstår at dei som reiser med ferje hadde ynskja større prisreduksjon, men at det er eit bra første steg.

  • Krev kompensasjon til ferjedrift

    Aksjonsgruppa bak «Facebooksida protest mot økte ferjetakstar», fryktar no at tapte ferjeinntekter til fylkeskommunen på grunn av koronaviruset fører til at ferjene ikkje blir billegare. Tidlegare i dag meldte fylkeskommunen at det er om lag 60 % mindre som reiser med ferje sidan Noreg innførte strenge tiltak for å bli kvitt koronaviruset. No sender protestgruppa eit open brev til samferdselsministeren der dei krev at fylkeskommunen får kompensasjon for tapte inntekter.

  • Saker drukner i koronaviruset

    Den voldsomme oppmerksomheten om koronaviruset gjør at mange saker forsvinner under radaren. De siste månedene har fergeopprøret langs kysten fått stor oppmerksomhet. Høye billettpriser på fylkesvegfergene førte til raseri, mobilisering og krav om mer penger for å få ned prisene. Nå har saken druknet i koronasituasjonen. – Det er naturlig, men det er klart det er dumt når saka har fått veldig mye oppmerksomhet. Jeg håper vi får tatt det opp igjen når den tiden kommer, sier Joachim Orvik, som har stått i bresjen for opprøret.

    Joachim Orvik i Protest mot auka ferjetakst beskåret
    Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
  • Vil ha gratis ferjer

    Gratis ferje på både riks- og fylkesvegnettet over heile landet. Det er målet til Aleksander Øren Heen frå Vestland fylke, som sit i programkomiteen til Senterpartiet. Heen meiner Staten bør finansiere ordninga og at saka er spesielt aktuell no med opprøret som føregår mot høgare ferjeprisar. Ei slik ordning må inn i samferdselspolitikken, meiner Heen.

    Aleksander Øren Heen på talarstolen
    Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK