Det kan vere vanskeleg å vite kva retning ein vil gå på vidaregåande skule.
Ofte er den enkle løysinga å velje det same som vennane. Og det var nettopp det Ole Halkjelsvik i Volda valde å gjere.
– Kompisane mine ville gå tømrerlinja, så eg tenkte at då følger eg etter. Men eg la raskt merke til at det ikkje var noko for meg.
Og på andreåret valde han å droppe ut.
– Eg måtte gå litt i meg sjølv. Finne ut kva eg er god på, seier 23-åringen.
- Lurer du på kvifor fleire vel å droppe ut av vgs? I denne saka fortel fleire som nettopp gjorde det om årsaka.
Det eigne, frie valet
Heile livet har Halkjelsvik fått høyre at han er god med folk. Då han valde å slutte på vidaregåande, begynte han å jobbe med fotball og barn.
Etter kvart begynte på han på helse- og oppvekstfag, og i fjor kunne han stolt vise fram vitnemålet frå vidaregåande skule.
– Det er veldig lett å gå i fella der du vel det dei rundt deg vel, i staden for å kjenne etter kva du eigentleg vil sjølv.
No er han lærling i Mork barnehage som barne- og ungdomsarbeider i Volda og stortrivst.
Fagbladet intervjua Ole først.
– Eg går på jobb med eit smil om munnen, og eg går frå jobb med eit smil om munnen. Det er ein jobb eg set veldig høgt. Det trur eg mange andre gutar også kunne gjort.
Han trur mange gutar eigentleg har lyst å begynne i barnehage, men at dei likevel ikkje gjer det fordi det ikkje er kult eller tøft nok.
– Då tenker eg; prøv då. Køyr på med det du sjølv vil. Test det ut. Fungerer det ikkje, så fungerer det ikkje.
Ungdomsforskar ved Oslomet, Jon Christian Rogstad, seier at Halkjelsvik si historie er langt frå unik.
Av dei som gjekk på vidaregåande skule mellom 2017 og 2023, var det over 6200 av dei som slutta undervegs i løpet. Det er nesten éin av ti.
3835 av dei var gutar, medan 2371 jenter. Det viser tal frå SSB.
– Eit mainstream og homogent løp
Forskaren seier mange ikkje veit kva dei vil gå på vidaregåande, og at det lettaste valet då er å velje det same som vennane.
Han meiner det er viktig å hugse på at dei som søker seg til vidaregåande skule alle har ulike utgangspunkt.
– Så når alle dei skal inn i eit trass alt ganske sånn mainstream, homogent løp, så er det ikkje så rart at nokon brukar litt lengre tid.
Forskar på NOVA ved Oslomet, Jon Christian Rogstad.
Foto: PrivatForskaren seier at skulesystemet ikkje er fleksibelt nok.
– Ein har sett litt blindt på målet om gjennomstrøyming og berre få folk igjennom.
Han meiner ein må lage eit system som i større grad samarbeider med andre, og ikkje minst med arbeidslivet. Dette for at elevane kan ta skuleløpet litt meir i eige tempo, og få ein større variasjon.
- Har du fått med deg at regjeringa fører vidare fråværsgrensa, men innfører eigenmelding? Les om det her.
– Ole tilfører barna leikenheit, han er energisk. Han er veldig god på å ta opp teori, og veldig spørjande med tanke på kvifor vi gjer ting som vi gjer, seier Nina Vedeld Telseth, styrer i Mork barnehage.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKMangfaldet
Nina Vedeld Telseth er styrar i Mork barnehage, og fortel at ho er godt fornøgd med at dei har fått Ole med på laget.
– Han er veldig utadvendt, spontan og kreativ. Og ikkje minst blid, seier ho.
Også ho trur det kan vere vanskeleg å ta sitt heilt eigne val når det gjeld retning på vidaregåande skule, og at ein heller vel å følge straumen.
– Det er kanskje lett å velje meir populære yrke, som tømrar eller elektro. Kanskje dei ikkje veit så mykje om barnehage for eksempel, og da vel dei noko dei kjenner til og som er trygt, seier Telseth.
Ole Halkjelsvik har framleis rundt eitt år igjen av lærlingtida. Han er ganske sikker på at han vil fortsette å jobbe i barnehage, men tar eitt steg av gongen.
– Eit tips til alle menn der ute; Fortida ligg her bak, mens framtida ligg i hendene deira. Kva de vel å gjere med den, er opp til dykk.
Hei!
Har du tips til andre saker vi bør se på i forbindelse med dette, eller bare tips om noe helt annet?
Send meg gjerne en e-post!