Hopp til innhold

Økonomiske problem

Helse Møre og Romsdal har framleis store økonomiske utfordringar. Direktør Espen Remme opplyser at årsresultatet for 2015 ikkje er ferdig, men at alt tyder på ein dårlegare utvikling enn prognosen. Remme ser difor behov for ytterlegare tiltak. Redusert innleie av vikarar, og reduksjon av overtid er noko av det som blir vurdert. Investeringar vil også bli heldt på eit minimum. Den økonomiske situasjonen skal opp på eit styremøtet i helseføretaket neste veke.