NRK Meny

Økonomirapport for Helse Midt-Norge

Helse Møre og Romsdal er det einaste av helseførtaka i Midt-Norge som har problem med å få budsjettet i balanse. Statusrapporten for Helseregionen som blei lagt fram i dag, viser at drifta både ved St. Olavs Hospital og Helse Nord-Trøndelag er i balanse. Helse Midt-Norge totalt sett hadde eit resultat som var 25 millionar kroner betre enn planlagt. Sjukehusa i vårt fylke hadde eit underskot på 36 millionar kroner ved utgangen av mars.