Denne veka gjekk Oddgeir Bruaset ut døra frå NRK Møre og Romsdal for siste gong som NRK-tilsett. Men arbeidslaus kjem han ikkje til å bli. Avtaleboka hans er full til langt over på nyåret. Sjølv trur han det hadde vore verre å slutta viss han ikkje hadde noko å gjere.
- Les også:
– Då hadde eg sett mørkt på det. Eg har heldigvis mange jern i elden utanfor NRK, fortel han og legg til at han kjem til å reise mykje i tida framover og.
– Fleire programleiarar burde vere usynlege
Bruaset seier at grunnen til at «Der ingen skulle tru ... » har blitt ein suksess er fordi sjåarane møter spennande og ekte menneske.
Foto: Tor Sivertstøl / NRKBruaset meiner at mange programleiarar behandlar dei som er med i programmet som statistar. Det syns han er provoserande.
– Ein skal behandle dei medverkande med respekt og la dei sleppe til.
Han meiner at ein programleiar skal stille vettuge spørsmål, informere og prøve å avdekke det folk prøver å skjule.
- Les også:
– No er alt snudd på hovudet. Det provoserer meg så mykje at eg vel å reagere med å anonymisere meg sjølv. Kanskje meir enn eg burde, seier NRK-veteranen.
Bruaset seier at grunnen til at «Der ingen skulle tru ... » har blitt ein suksess er fordi sjåarane møter spennande og ekte menneske, ikkje på grunn av programleiaren.
– Derfor er det heilt i orden at eg er relativt usynleg, og eg meiner at fleire burde vere det.
Over 43 år i same jobb
Frå den siste innspelingsrunden av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Foto: NRKOddgeir Bruaset har vore tilsett i NRK i 43 år, tre månader og nokre dagar. No vil han reise rundt å halde foredrag landet over – og i tillegg ønskjer han å fortsette å skrive, så lenge helsa held.
- Les også:
Det er ikkje alle som blir verande i same bedrifta så lenge som han har vore i NRK. Han har i alle år hatt base i Ålesund, men reist meir enn han har sete ved kontorpulten.
– Enkelte trur nok at eg har vore tiltakslaus og difor ikkje kome meg herifrå. Men eg har hatt ein spennande arbeidsplass, og opplevd mykje av dette landet saman med flotte kollegaer.
Første møte med NRK og ein halvrøkt sigarett
Bruaset har også laga eit portrett av Dronning Sonja, som blir sendt ved årsskiftet. Dronning Sonja på Husfjellet ved Senja saman med teamet frå NRK.
Foto: Marianne Hagen ved det Kongelige HoffBruaset hadde sitt første møte med NRK i 1968. Han fortel at han hadde skrive ein stil på lærarskulen som han seinare vart oppmoda til å sende til NRK.
Stilen hadde namnet «Fred er ei det Beste, men at man Noget vil», tatt frå det kjende sitatet av Bjørnstjerne Bjørnson.
- Les også:
Første møtet med redaksjonen var då NRK las opp denne teksten på radio.
– Då trefte eg redaksjonssjef Joachim Rønneberg med den kjende halvrøkte sigaretten bak eine øyret utanfor kontoret. Det var første møte.
Siste runde med Bruaset i spissen
Her frå episoden da «Der ingen skulle tru ...» var på besøk i Kirkefjorden i Lofoten. Bruaset hadde mast i fire år om å få lov til å komme på besøk.
Foto: Tor Sivertstøl / NRKSøndag er det premiere på den siste sesongen av «Der ingen skulle tru nokon kunne bu» med han som programleiar.
Som alltid har Bruaset funne inspirerande menneske som lever tett på naturen, i samspel med naturen og i kamp mot naturkreftene.
- Les også:
I første programmet møter vi Bente Getz, som lever på eit lite, avsidesliggande småbruk i Samnanger, aust for Bergen. Ho yster saueost, har sitt eige bakeri og sel ugras som salat til finare restaurantar i Bergen. No har omsetninga passert millionen.
Sjå tv-saka: Etter 43 år pakkar Bruaset sakene sine hos NRK Møre og Romsdal.