Hopp til innhold

Nytt trenaroppdrag for AaFK-helt

Lasse Olsen, i mange år angrepsspelar for Aalesund, har fått seg eit nytt trenaroppdrag. Han skal neste sesong trene Tomrefjord i 4.-divisjon. Det melder rbnett.no. Olsen, som framleis bur i Ålesund, kjem frå jobben som trenar for Averøykameratene. Olsen blir ikkje den einaste trenarprofilen i neste års 4.-divisjon Nordmøre og Romsdal. Også dei tidlegare Molde-trenarane Odd Berg (Eide) og Erik Brakstad (Midsund) blir å sjå på sidelinja neste år.

Aalesunds Lasse Olsen
Foto: Ulveseth, Birte / SCANPIX

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL