Nytt offshore-reiarlag ber om hjelp
Ulstein-reiarlaget Island Offshore må reforhandle med kreditorane sine, fordi dei ikkje klarer å innfri eit obligasjonslån på 700 millionar kroner skriv maritime.no . Lånet forfell i april. Island Offshore forhandlar no med bankane, verft og obligasjonseigarar om alternative løysingar.