Nyskaparpris til simulatorsenter

Offshore Simulator Centre AS fekk i dag NHO Møre og Romsdals Nyskapingspris for 2013.

Joel A Mills får prisen.

UTDELING: CEO Joel A Mills i Offshore Simulator Centre AS får prisen av NHO-president Heine Wang.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Offshore Simulator Centre AS vart etablert i Ålesund i 2004 og er eigd med like delar av Rolls-Royce Marine AS, Farstad Shipping ASA, Norsk Marinteknisk Forskningsinstitutt og Høgskolen i Ålesund.

Framtidsretta

Dette er juryen si grunngjeving for at senteret får prisen.

«Nyskapingsprisen tildeles Offshore Simulator Centre AS for sin satsing og utvikling av avanserte simulatortjenester for maritime operasjoner. Virksomheten er svært fremtidsrettet og bidrar til å fremme sikkerhet innen maritime operasjoner. Selskapet ligger helt i tet når det gjelder å ta i bruk de muligheter som dagens teknologi gir. Selskapet tilfredsstiller alle kriterier for prisen på en god måte.»

I juryen sit Terje Dyrseth, styreleiar i NHO Møre og Romsdal, og Gunn Wågsholm, Irene Mjelde og Roald Røsand som er styremedlemmer i NHO Møre og Romsdal.

Stad Skipstunnel

UNIK: Skipssimulatoren i Ålesund er den einaste av sitt slag.

Foto: NRK

Kandidat til nasjonal pris

Offshore Simulator Centre er førebels åleine om å kunne gi trening i operasjonar der heile mannskapet om bord i skip og på plattformer er med, og samarbeider med andre skip om same oppdraget.

Målet er å gi ei realistisk oppleving inne i simulatoren, ved hjelp av avansert datateknologi saman med kunnskap frå den maritime klyngja i Noreg.

Som vinnarar av fylkesprisen, blir også Offshore Simulator Centre AS kandidat til den nasjonal Nyskapingsprisen 2013.

Vinnaren av denne prisen blir kåra på NHOs Småting 21.–22. august på Fornebu.

Video

Sjå video frå skipssimulatoren.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.