Hopp til innhold

Nye spekulasjonar om Forren

Ifølgje engelske aviser er fire britiske fotballklubbar no på jakt etter MFK-stoppar Vegard Forren.

Vegard Forren
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Nettstaden "Givemefootball" skriv at både Manchester United, Fulham, Everton og Sunderland er interesserte i Vegard Forren.

Les meir: Premier League transfer

Men den britiske klubben Fulham avviser, ifølgje nettstaden Express.co.uk at dei har lagt inn bod på Forren.

Les meir: Avviser bod

Over 5 år i Molde

Forren har sidan hausten 2007 spelt for Molde Fotballklubb, men det er mange som har vore interesserte i trønderen. Den siste veka har spekulasjonane hovudsakleg handla om ein eventuell overgang til Fulham.

Les meir:

Sikra ny kontrakt

Vegard Forren gjorde seg raskt bemerka.

Eitt år etter at han kom til Molde, sikra han seg ny kontrakt med klubben, med langt betre vilkår enn tidlegare. Det var delvis resultat av interesse frå andre klubbar, mellom anna frå tysk toppfotball. Fram til hausten 2007 spelte Forren for KIL Hemne i tredje divisjon, og arbeidde i kassa på Rema i Hemne. Så blei han proff.

Les meir:

Vegard Forren

Vegard Forren i aksjonen på bana.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix
Stadfesta at overgang kan kome

Manager Ole Gunnar Solskjær stadfesta nyleg overfor Romsdals Budstikke at ein overgang for midtstopparen er svært nær:

- Svært nær overgang

Populær fotballspelar

Vegard Forren blei like før jul tildelt Gullballen, som er spelarorganisasjonen NISO sin pris til den som har stått bak årets beste prestasjon i norsk fotball.

Les meir: